Varna Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°30′55″S 60°09′45″W
Varna Peninsula
halvøy
Varna-Livingston.jpg
Varna Peninsula frå Half Moon Island.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°30′55″S 60°09′45″W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Varna Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Varna Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Varna Peninsula is located in Antarktis
Varna Peninsula (Antarktis)

Varna Peninsula (Poluostrov Varna) er ei nesten firkanta, hovudsakleg isdekt halvøy heilt nordaust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho grensar til Hero Bay i nordvest, til Moon Bay mot søraust, og til McFarlane Strait i nordaust.

Halvøya er kring 14 km lang sørvest-nordaust og 10 km brei, og sentralt på halvøya ligg Vidin Heights. Lengst nord ligg Williams Point og lengst aust Inott Point. Langs kysten finn ein Lister Cove og Dragon Cove i nordaust, og Griffin Cove, Charybdis Cove og Eliseyna Cove i nordvest. Bezmer Point ligg òg på nordvestkysten av halvøya.

Halvøyar på Livingston Island.

Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar. Williams Point var det første landområdet som vart oppdaga i det som i dag er dekt under Antarktistraktaten, av den britiske sjøfararen William Smith den 19. februar 1819.

Varna er namnet på ein stor by i Bulgaria.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]