Vartry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vartry
elv
none  Vartry renn gjennom Ashford
Vartry renn gjennom Ashford
Land Flag of Ireland.svg Irland
Kjelde Calary Bog i County Wicklow
Munning Irskesjøen ved Wicklow

Vartry (irsk Abhainn Fheartraí) er ei elv i Republikken Irland. Ho har utspring i Calary Bog nedanfor fjellet Great Sugar Loaf nord i County Wicklow. Nær Roundwood vart ho demma opp i 1840-åra to stader for å danne Vartryreservoaret.

Frå reservoaret renn ho austover gjennom Ashford og inn i The Murragh, eit myrområde som oppstod på innsida av ein kystjernbane bygd i 1860-åra.

The Murragh munnar ut i Irskesjøen nær byen Wicklow.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]