Fyrstestaten Kalat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vasallstaten Kalat)
Gå til: navigering, søk
Kart som viser den tidlegare vasallstaten Kalat

Kalat eller Qalat (urdu قلات) er ein tidlegare fyrstestat som låg i dagens Balutsjistan i Pakistan. Kalat vart styrt av ein khan og vert difor også omtalt som eit khanat. Staten vart grunnlagd i siste halvdel av 1600-talet og eksisterte som vasallstat under afganarkongane i Kandahar, Mogulriket og til sist Britisk India. Det vart innlemma i Pakistan i 1948, etter delinga av Britisk India. I 1901 hadde staten ei flatevidd på 185 425 km2 og eit folketal på 372 531. Byen Kalat var houedstad.

Kalat-området ligg i dag i midten av Balutsjistan og i Afghanistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vasallstaten Kalat vart oppretta i 1638. Grensene for området forandra seg gjennom hundreåra, men vart fastsette etter traktat med den britiske embetsmannen Robert Sandeman seint på 1800-talet. Delar av staten i nord og nordaust vart lånte eller gjevne vekk, og desse områda vart til provinsen Britisk Balutsjistan.

31. mars 1948 gjekk staten inn som ein del av Pakistan, og han vart, saman med tre nabostatar, til Balutsjistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]