Hopp til innhald

Vase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesisk vase

Ein vase er eit ope kar eller ein behaldar som kan vera laga av ei rekkje materiale. Desse inkluderer krystallglas, porselen, fajanse, keramikk og plast, men også metall som sølv, kobbar, messing, aluminium og rustfritt stål. Det finst også vasar i tre, til dømes av teak, men også av andre typar tre. Vasar av andre tresortar enn teak er lakkerte eller måla innvendig med vernande lag for å unngå ròte. Det finst til og med vasar av papir.

Vasar er ofte dekorative og meint som ein interiørdetalj, anten åleine, med avskorne blomar i vatn, eller med tørka blomar og liknande. Forskjellen mellom ulike behaldarar som ein vase, flaske, bolle og urne handlar ikkje så mykje om form, som korleis behaldaren blir brukt.

Vasar er vanlegvis runde og sylindriske, men kan også ha andre former. Nokre gonger har nemleg vasen ein tydeleg definert fot. Kroppen til vasen er hovuddelen av vasen, og denne blir gjerne utbetra med midje, hals, handtak eller (sjeldnare) lokk. Vasar med lokk blir som oftast kalla urner.

Vasen har ei lang historie med form og funksjon i nesten alle utvikla kulturar, og ofte er keramiske gjenstandar dei einaste kunstnariske spora som er att frå forsvunne kulturar. I byrjinga av keramikkhistoria var viklingsmetoden den mest brukte for å laga keramikk. Viklingsmetoden går ut på at ein omarbeider leire til lange sylindriske strimlar, som blir lagde oppå kvarandre slik at dei dannar grunnforma. Etterpå blir desse glatta ut, slik at vasen blir tett og får ei finare form.

dreieskiva blei oppfunnen, truleg i Mesopotamia kring 3000 f. Kr., spreidde ho seg over nesten heile Eurasia og store delar av Afrika. Denne blei sentral i seinare keramikkarbeid.

Vasar fekk ei lang rekkje stilar og typar, som utvikla seg ulikt over heile verda gjennom ulike tidsepokar. Den distinkte forma til vasane i ulike kulturar kan ein sjå i til dømes kinesisk keramikk, eller i keramikken til indianarane. Blant pottemakarane i Hellas i antikken var det også vanleg å måla keramikk, mellom anna med scenar frå gresk mytologi. Denne typen brunne leirkar blir ofte kalla for vase i arkeologien, uansett form.