Vasilasjikisjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vasilasjkisjøane (bulgarsk: Василашки езера) er ei gruppe fjellvatn Pirinfjella i Bulgaria. Dei ligg i eit stort dalsøkk mellom fjelltoppane Todorka og Vasilasjki Tsjukar. Dalsøkket er ope i aust der elva Demjanitsa renn ut. Gruppa består av 12 fjellvatn som til saman utgjer eit areal på 160 mål. Namnet har sitt opphav i soga om Vasil, som var forelska i Todorka og som hoppa i Ribnoto Vasilasjko då ho knuste hjarta hans.

Tevno
  • Tevno Vasilasjko (Тевното Василашко езеро), eller det blå vatnet er ein av dei største og djupaste i fjellet. Det ligg i ei høgd på 2 362 m, med ein storleik på 63,9 mål (388x215 m), og dermed det sjette største vatnet i Pirin. Djupet i vatnet er 29 m. Vassvolumet er 510 000 m³. Vatnet ligg i vakre omgivnadar, og har ein djup blåfarge med små skjer i midten. Vatnet renn ned i Øvre Vasilasjko via underjordiske straumar, og derfor finst det ikkje fisk i dette vatnet.
  • Ribnoto Vasilasjko (Рибното Василашко езеро), av og til kalla Store Vasilasjko, og er den nest største av vatna med 35,9 mål. Det ligg like nedanfor Øvre Vasilasjko i ei høgd på 2 126 m. Han er 325 m lang, 177 m brei og 2,5 djup på det djupaste. Vatnet får vatn frå alle dei andre vatna i dalsøkket, og dannar først ei undergrunnselv, som etter 250 meter dukkar opp til overflata.
Øvre Vasilasjko
  • Øvre Vasilasjko (Горно Василашко езеро) ligg 2 154 over havet under fjelltoppen Tipits. Vatnet er forma som ein bumerang, og har eit areal på 23,2 mål, og er berre 3,1 meter djup.
  • Dlovnidnoto Vasilasjko (Дъговидното Василшко езеро) ligg i ei høgd på 2 215 m og har eit djup på 10,4 m. Vatnet er ikkje veldig stort og har eit areal på berre 10,9 mål.
  • Øvre Todorino (Горно Тодорино езеро) er den største av to vatn med same namn. Det ligg 2 536 meter over havet, og er eit av dei høgastliggande i Pirin. Arealet er på 13,2 mål og på det djupaste er det 7,7 meter.
  • Nedre Todorino (Долно Тодорино езеро) ligg 2 510 meter over havet med eit overflateareal på 6,7 mål og eit djup op 3,7 meter.