Vasilij Berezutskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasilij Berezutskij

Dinamo-cska (2).jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 20. juni 1982 (39 år)
Moskva
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2014, EM i fotball 2008, EM i fotball 2016

Utmerkingar

Venskapsordenen

Vasilij Vladimirovitsj Berezutskij (fødd 20. juni 1982) er ein russisk tidlegare fotballspelar frå Moskva som i hovudsak var midtstoppar. Han vann UEFA-cupen 2005 med CSKA og spelte EM-semifinale for Russland i 2008.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Berezutskij spelte for Torpedo-SIL i 2000-01. Frå 2002 til han la opp i 2018 gjorde han teneste for CSKA Moskva. Med CSKA vann han sjue cupmeisterskap i åra 2002 til 13 og seks seriemeisterskap i perioden 2003-16. Høgdepunktet må likevel ha vore triumfen i UEFA-cupen 2005, då CSKA sigra i finalen med 3-1 over Sporting Lisboa. Med på UEFA-triumfen var mellom andre tvillingbroren Aleksej Berezutskij.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vasilij Berezutskij spelte 101 landskampar i tida frå juni 2003 til oktober 2016. Størst framgong hadde Berezutskij og Russland då laget tok seg til semifinale mot Spania under EM i fotball 2008, ein kamp som enda med tap 0-3. Han skåra i alt 5 mål for Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]