Vasilij Perov
| Vasilij Perov | |
Sjølvportrett, 1851 | |
| Verkeleg namn | Василий Григорьевич Перов |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
| Fødd | 21. desember 1833 Tobolsk |
| Død |
29. mai 1882 (48 år) |
| Yrke | kunstmålar |
| Far | Q120692888 |
| Born | Vladimir Perov |
| Vasilij Perov på Commons | |
Vasilij Grigorevitsj Perov (2. januar 1834–10. juni 1882) var ein russisk kunstmålar. Han var ein av grunnleggjarane av Peredvizjnikij, ei gruppe russiske kunstnarar som måla etter det realistiske stilidealet.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Læreår
[endre | endre wikiteksten]Perov kom til verda i Tobolsk, fødd utanfor ekteskap. Faren, sakføraren Grigorij Kridener, kom frå lågadelen. Etter å ha fullført eit kurs ved distriktsskulen i Arzamas, vart Perov overflytt til Aleksandr Stupins kunstskule i same byen. I 1853 vart han innteken ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Han gjekk i lære hos fleire anerkjende kunstmålarar.

Frå 1856 og utover vart han ved fleire høve tildelt medaljar og fekk ofte ros for sine arbeid. Fremst mellom desse måleria er Seremoni i ein landsby (1861).
Utanlandsopphald. Hovudverk
[endre | endre wikiteksten]Med eit utanlandsstipend kosta av den russiske staten, reiste Perov i 1862 til Vest-Europa. Han vitja fleire tyske byar, og deretter Paris. Under dette utanlandsopphaldet måla han mange verk som viser scener frå europeisk gateliv, så som Statuett-kjøparane, Musikanten og dei forbipasserande, og Parisisk filleplukkar (1864).

Vel heime i Moskva i 1865, skapte Perov dei neste 6-7 åra sine hovudverk. Mellom desse er Den siste reise (1865), Troika. Småborn i teneste hentar vatn (1866), Den drukna (1867), Ei guvernante kjem til ein kjøpmanns hus, Ei samling ved jarnbanen (1868), Tavernaen ytst i byen (1868), Fuglefangaren (1870), Jegrar kviler (1871). Perov måla i 1872 det mest kjende portrettet av forfattaren Fjodor Dostojevskij.
Lærar. Død
[endre | endre wikiteksten]Frå 1871 hadde han stilling som professor ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Andrej Rjabusjkin er den av Perovs elevar som vart mest kjend. Det var i denne perioden Perov vart med i Peredvizjnikij-rørsla.
Perov døydde i landsbyen Kuzminkij (i dag ein del av Moskva) av tuberkulose. Liket vart bisett ved Danilovklosteret, men i 1950-åra flytta til gravstaden Donskoje.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- 'Politimannen kjem' (1857)
- 'Ved jernbana' (1868)
- 'Den drukna' (1867)
- 'Vandrar' (1870)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vasily Perov» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2009.