Vasilij Veresjtsjagin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasilij Veresjtsjagin
Vasili Vereshchagin.jpg
Fødd 14. oktober 1842
Tsjerepovets
Død

31. mars 1904
Lüshunkou

Sjanger militærvesen avbildet i kunst
Yrke kunstmålar, skribent, militær

Vasilij Vasiljevitsj Veresjtsjagin (26. oktober 184213. april 1904) var ein av dei mest kjende russiske målarane av slagscener frå krigsmarka. Han var ein av dei aller fyrste russiske kunstnarane som hausta ros utanlands. Dei realistiske måleria hans kunne vera så grafiske at mage av dei ikkje blei stild ut eller trykka i samtida hans.[1]

Læreår[endre | endre wikiteksten]

Vasilij Veresjtsjagin i 1902

Veresjtsjagin var fødd i Tsjerepovets i 1842 som den midtre av tre brør. Faren hans var ein russisk landeigar av adelsætt, medan mora var av folkeleg opphav med tatariske røter.[2][3][4]

Då Vasilij Veresjtsjagin var åtte år gammal vart han send til Tsarskoje Selo for å verte teken opp i eit kadettkorps, og tre år seinare byrja han på marineskulen i St. Petersburg. Han la ut på si fyrste sjøreise i 1858.[2] Veresjtsjagin tenestegjorde om bord på fregatten «Kamtsjatka», og segla til Danmark, Frankrike og Egypt.

Han gjekk ut frå marineskulen med det beste eksamensvitnemål, men slutta tenesta for å byrje å studere teikning. To år seinare, i 1863, vann han ei medalje ved St. Petersburgs kunstakademi for verket 'Odysseus slår i hel friarane'. I 1864 for han vidare til Paris, der han studerte hos Gerome. Men han valde å bruke heilt andre metodar enn læremeisteren.[2]

'Herleggjeringa av krigen', 1871

Reiser i Sentral-Asia[endre | endre wikiteksten]

På 1866-salongen stilte Veresjtsjagin ut ei teikning av Dukhoborar messar sine salmar. Året etter fylgde han general Kaufman på hans felttog til Turkestan. For sin militære innsats under beleiringa av Samarkand vart Veresjtsjagin tildelt St. Georg-krossen. Han var ein utrøytteleg reisande i Turkestan i 1869, i Himalaya, India og Tibet i 1873, fór atter til India i 1884.

Etter ein periode med iherdig arbeid i Paris og München stilte han ut nokre av bileta sine med motiv frå Turkestan i St. Petersburg i 1874. Mellom dei var to arbeid som i ettertid vart utelate grunna si framstilling av russiske soldatar. I Herleggjeringa av krigen ser ein ei pyramide med skallar tileigna «alle erobrarar, tidlegare, samtidige og komande,» og i 'Etterlaten', eit bilete av ein døyande soldat forlaten av sine kameratar. Den russiske hæren sette stopp for å stille ut verka.

'Vakt i Kaukasus', 1878

Russisk-tyrkiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Veresjtsjagin var med den russiske hæren under felttoget mot Tyrkia i 1877. Han var til stades ved kryssinga av Sjipka-skaret og beleiringa av Pleven, der broren hans fall. Sjølv vart han livstrugande såra under førebuingane til kryssinga av Donau nær Rustsjuk. Ved avslutninga av krigen hadde han rolla som sekretær for general Skobelev ved San Stefano.

Etter krigen busette Veresjtsjagin seg i München, der han laga sine krigsbilete i slikt eit tempo at han beint fram vart skulda av å nytte seg av assistentar. Dei oppsiktsvekkande motiva i bileta hans, og deira didaktiske mål om å fremje fred gjennom framstillinga av krigens gru påkalla merksemd frå ein stor del av allmenta som elles var uinteressert i kunst. Dette førte til ein serie med utstillingar av måleria hans i Paris i 1881, med framhald i London, Berlin, Dresden, Wien og andre byar.

Han måla fleire scener vedkomande britisk styre i India. Hans episke framstilling av Statsprosesjonen til prinsen av Wales inn i Jaipur i 1876 er hevda å vere det tredje største måleriet i verda.

'Sundrivne av kanonar i Britisk India', 1884

Veresjtsjagin vekte kontroversar gjennom si serie med tre bilete av avrettingar. Det eine syner ei romersk avretting (Krossfestinga); dei andre av sepoyar i India sundrivne med børser, og av avrettingane av nihilistar i St. Petersburg. Måleriet Sundrivne av børser i i britisk India skildra avrettingar gjennomført med å binde ofra til børseløp. Veresjtsjagin sine bakvaskarar hevda slike avrettingar berre hadde førekome i det indiske 1857-opprøret, medan biletet skildra samtidige soldatar av 1880-talet, og gav dermed inntrykk av at praksisen framleis var i bruk. Grunna den fotografiske stilen syntest biletet å framstå som ei upartisk avbilding av ei verkeleg hending. I Magazine of Art i desember 1887 forsvarte Veresjtsjagin seg, heller unnvikande, ved å seie at den avrettingsmåten var den "mest humane som finst" og at om eit opprør skulle kome så ville britane ha brukt den på nytt.

Ei reise i Syria og Palestina i 1884 utstyrte han med emne frå nytestamentet, som førte til bilete som også vart omdiskutert. Veresjtsjagin sitt måleri vekte motstand då han portretterte Jesus på eit vis som i samtida vart oppfatta som uhøyrt realistisk. Skildringa hans av Jesus sine trekk vart oppfatta som overdrive vulgære.

Serien 1812 om Napoleons sitt felttog i Russland, som han også skreiv ei bok om, ser ut til å ha vore inspirert av Leo Tolstoj si Krig og fred. Bileta var måla i 1893 i Moskva, der han til sist busette seg.

'Napoleon og marskalk Loriston', 1899-1900

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Veresjtsjagin var i Asia under den fyrste kinesisk-japanske krigen. Attåt fylgde han med amerikanske styrkar på Filippinane, og han var med russiske troppar i Mansjuria. Under den russisk-japanske krigen vart han invitert av admiralen Stepan Makarov til å vere med han om bord på flaggskipet «Petropavlovsk». 13. april 1904 rende «Petropavlovsk» på to miner på veg frå Port Arthur ut i Gulehavet. Krigsskipet sokk og tok mesteparten av mannskapet med seg i djupet, også admiral Makarov og Veresjtsjagin. Det siste verket til Veresjtsjagin, eit bilete av eit krigsråd leia av admiral Makarov, vart gjenfunne nesten uskadd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kowner, Historical Dictionary of the Russo-Japanese War, s. 408.
  2. 2,0 2,1 2,2 Chisholm 1911.
  3. Heather S. Sonntag, Tracing the Turkestan Series – Vasily Vereshchagin's Representations of Late-19th-century Central Asia, University of Wisconsin-Madison (2003), s. 18
  4. Vladimir Visson, Portraits of Russian Painters, V. Visson (1987), s. 72

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  • Kowner, Rotem (2006). "Historical Dictionary of the Russo-Japanese War". Scarecrow. 620pp. ISBN 0-8108-4927-5
  • Leonard D. Abbott, "Verestchagin, Painter of War." The Comrade (New York), vol. 1, no. 7 (April 1902), pp. 155–156.
  • Art Institute of Chicago, Works of Vassili Verestchagin: an Illustrated, descriptive catalogue and two appendixes to the catalogue Realism and Progress in Art by Verestchagin.
  • W. T. Stead, "Vassili Verestchagin: Character Sketch," Review of Reviews (London), vol. 19 (January 1899), frontispiece, 22–33.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vasilij Veresjtsjagin