Vasily Arkhipenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasily Arkhipenko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 28. januar 1957
Mykolajvka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Vasily Albertovitsj Arkhipenko (fødd 28. januar 1957) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som spesialister seg i 400 meter hekk og som representerte Sovjetunionen.

Arkhipenko tok bronsemedaljen i 400 meter hekk ved europameisterskapen 1978 i Praha, med tida 49,77 sekund kom han i mål fem hundre dels sekund bak lagkameraten Dmitrij Stukalov, begge to var over sekundet bak den suverene vinnaren, vesttyske Harald Schmid. Den 5. august 1979 sprang Arkhipenko sitt livs løp i Torino der han vart andremann på 48,34, vinnaren Schmid sette europarekord med 47,85 sekund.

Under dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva vann Arkhipenko sølv på langhekken, med tida 48,86 enda han 0,16 sekund bakom Volker Beck frå Aust-Tyskland. I sitt siste store meisterskap, EM i friidrett 1982, kom han med tida 48,68 på fjerdeplass, fattige 0,04 sekund etter bronsemedaljøren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]