Vasilij Smyslov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vasily Smyslov)
Vasilij Smyslov


Fødenamn Василий Васильевич Смыслов
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 24. mars 1921
Moskva
Død

27. mars 2010 (89 år)
Moskva

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1952, Sjakk-OL 1954, Sjakk-OL 1956, Sjakk-OL 1958, Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972

Utmerkingar

world chess champion, Leninordenen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Ordenen folkenes vennskap, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vassilij Smyslov i 2002

Vasilij Vasiljevitsj Smyslov (24. mars 192127. mars 2010)[1] var ein russisk og sovjetisk stormeister i sjakk. Han var den sjuande verdsmeisteren i sjakk frå 1957 til 1958.

Tidleg sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Smyslov lærte å spele sjakk då han var seks år, av faren, Vassilij O. Smyslov, som var ein sterk kandidatmeister. Han hadde rask framgang, og vann i 1938, 17 år gammal, juniormeisterskapen for Sovjetunionen. Same år kom han på delt førsteplass i Moskvamesterskapen. Han deltok i sin første sovjetmeisterskap, i 1940, med eit sterkt resultat: tredjeplass, med 13 av 19, framom regjerande meister Mikhail Botvinnik. Det var deretter arrangert ei turnering kalla den "Absolutte sovjetmeisterskapen", mellom dei 6 beste: Botvinnik, Paul Keres, Smyslov, Isaac Boleslavskij, Igor Bondarevskij og Andor Lilienthal. Smyslov tok 10/20, ein ny tredjeplass, etter Botvinnik og Keres. Dette viste at Smyslov hadde verdsklasse-styrke i ein alder av 20 år, ei sjeldenheit på den tida. Verdskrigen sette ein bremse på den vidare karrieren, men ein del turneringar vart arrangert. Smyslov vart Moskvameister i 1942 og i 1944-45, og vart nr 2 i Sovjetmeisterskapen i 1944.

Då krigen var slutt i 1945, stod han fram som ein av dei 3 sterkaste Sovjet-spelarane, saman med Botvinnik og Keres. Men deretter hadde han i 1945 og 1946 heile 4 svake turneringar på rad. Han fekk likevel delta i den sterke turneringa i Groningen i Nederland i august 1946, og bekrefta der at han var ein toppspelar, med ein tredjeplass. Botvinnik vann, framom eksverdsmeister Max Euwe. Smyslov spelte deretter fleire turneringar, der han kom på ein av dei fremste plassane, men utan å vinne.

VM i 1948[endre | endre wikiteksten]

Vassilij Smyslov hadde såleis ikkje vunne sterkare turneringar enn Moskva-meisterskapen då han i 1948 vart tatt ut til å delta i turneringa om verdsmeisterskapen i sjakk i 1948. Verdsmeisteren Alexander Alekhine døydde i 1946, og Verdssjakkforbundet FIDE bestemte at ny verdsmeister skulle kårast i ei turnering mellom 6 spelarar: Botvinnik, Keres og Smyslov frå Sovjetunionen, eksverdsmeister Max Euwe frå Nederland, og dei to amerikanarane Samuel Reshevsky og Reuben Fine. Når det kom til stykket stilte ikkje Reuben Fine opp, og turneringa vart med 5 spelarar alle mot alle, fem parti mot kvar motstandar. Smyslov klarte seg fint i turneringa, med ein andreplass etter den klare vinnaren Botvinnik, med 11 av 20, +6 -4 =10.

Kvalifisering mot VM i 1951 og 1954[endre | endre wikiteksten]

Andreplassen kvalifiserte for kandidatturneringa i Budapest i 1950. Der vart han nummer 3, med 10 av 18, etter dei to på delt førsteplass: David Bronstein og Boleslavskij. Denne tredjeplassen gav han så ein plass i den neste kandidatturneringa.

Verdssjakkforbundet FIDE tildelte tittelen til Stormeister i sjakk i 1950 til dei 27 første, var Smyslov naturlegvis ein av desse.

Smyslov vann kandidatturneringa i Zürich 1953, med 18/28, to poeng framom Keres, Bronstein og Samuel Reshevsky.

VM-kampane mot Botvinnik i 1954, 1957 og 1958[endre | endre wikiteksten]

I 1954 var det dermed klart for VM-kamp i Moskva mot regjerande verdsmeister Botvinnik. Tvikampen enda uavgjort, 12-12, etter 24 parti, med 7 vinstar til kvar, og 10 remisar. Etter gjeldande reglar betydde dette at Botvinnik beheldt tittelen.

Smyslov vann også kandidatturneringa i Amsterdam i 1956, noko som gav ein ny VM-kamp mot Botvinnikk i 1957. Smyslov klarte å vinne VM-kampen med overtydande 12.5-9.5.

Botvinnik hadde rett til omkamp, og i 1958 vann han tittelen tilbake med resultatet 12.5-10.5. Smyslov sa seinare at helsa hans ikkje var heilt bra under omkampen, då han hadde hatt lungebetennelse, men han gav også uttrykk for at Botvinnik møtte svært godt førebudd til omkampen. I desse tre VM-kampane vann Smyslov 18 parti, Botvinnik 17 (med 34 remisar), og likevel var Smyslov verdsmeister berre eit år.

Om dette skreiv Smyslov i boka om sine beste parti "Smyslov's Best Games", "Eg har ingen grunn til å klage over min lagnad. Eg fullførte draumen min og vart den sjuande verdsmeisteren i sjakkhistoria."

Deltaking i seinare VM-kvalifiseringar[endre | endre wikiteksten]

Smyslov klarte ikkje å kvalifisere seg for fleire VM-kampar, men heldt fram med å delta i kvalifiseringsturneringane til VM. Han var med i kandidatturneringa i 1959, der han vart nummer 4. I 1962 kom han ikkje med i kandidatturneringa, men i 1964 kvalifiserte han seg på nytt etter ein delt førsteplass i intersoneturneringa i Amsterdam med 17/23. Men han tapte førsterundekampen mot Efim Geller i 1965.

I 1983, i ein alder av 62, gjekk han heilt til kandidatfinalen, der han tapte 8,5-4,5 mot Garri Kasparov, som då var 1/3-del hans alder. Kasparov kom seinare til å bli verdsmeister ved å vinne mot Anatolij Karpov i 1985. På vegen mot kandidatfinalen vann Smyslov semifinalen mot Zoltan Ribli, Ungarn med 6,5-4,5 medan kvartfinalen mot Robert Hübner, Vest-Tyskland enda 7-7 og vart avgjort av ein omgang med ei rulettkule på ruletten. Smyslov var deretter også kvalifisert for kandidatturneringa i Montpellier i 1985, der han ikkje gjekk vidare.

Smyslov som lag-spelar[endre | endre wikiteksten]

Smyslov representerte Sovjetunionen til saman ni gongar i sjakkolympiadar (lag-VM i sjakk), frå 1952 til 1972, med unntak berre for 1962 og 1966. Han bidrog sterkt til at laget vann kvar gong han deltok, ved sjølv å ta medalje for eige resultat 8 gongar. Han har dermed 17 medaljar frå sjakk-OL, noko som skal vere rekord i følgje nettsida olimpbase.org.

Totalt har Smyslov tatt 90 poeng på 113 parti, +69 =42 -2, med ein skåre på 79,6 %. Dette er femte beste skåre for dei som har deltatt i minst fire sjakkolympiadar.

Smyslov har også deltatt på Sovjetunionen sitt lag i EM for landslag, med eit perfekt resultat: Laget har vunne alle gongane, og han har vunne gull for beste resultat på sitt bord kvar gong. Total skåre i desse turneringane var +19 =15 -1, med 75,7 %.

Smyslov spelte også for Sovjetunionen i begge kampane mot "Resten av verda" i 1970 og 1984. Smyslov spelte på bord 6 i Beograd i 1970 og bord 4 i London i 1984. Ved begge høve vann Sovjetunionen kampen.

Andre turneringsresultat mv[endre | endre wikiteksten]

Smyslov vann to sovjetmeisterskap, 1949 og 1955.

I 1991 vann Smyslov det aller første VM for seniorar, spelarar over 60 år.

Han har ikkje spela turneringssjakk sidan 2001, då han deltok i Klompendans Veterans versus Ladies-turneringa i Amsterdam. Elo-ratingen hans etter denne turneringa var 2494.

Smyslov var seinare i livet plaga med sviktande syn.

VM-turnering og VM-kampar[endre | endre wikiteksten]

  • 1948 - 2. plass i kandidatturneringen + 6 - 4 = 10
  • 1954 - Smyslov - Botvinnik + 7 - 7 = 10
  • 1957 - Smyslov - Botvinnik + 6 - 3 = 13
  • 1958 - Smyslov - Botvinnik + 5 - 7 = 11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]