Vasjuganje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vasjuganje eller Vasjuganmyrane (russisk Васюганские болота - Vasjuganskije bolota) er eit myrområde i vest i Sibir. Det dekkjer eit område på 53 000 km² og er med det ei av dei største myrene i verda. Vasjuganje dekkjer delar av Novosibirsk, Omsk og Tomsk oblast i Russland, mellom elvane Ob og Irtysj. Mot sør går myrområdet over i Barabasteppa.

Vasjuganmyrene oppstod for 10 – 15 000 år sidan og har konstant utvida seg sidan den gong. Dei er eit viktig ferskvassreservoar for regionen og fleire elvar spring ut frå området. Vasjuganje er eit viktig leveområde for mange trua artar.

Området inneheld store reservar av petroleum og produksjon av olje og gass er vorte ein stor industri i regionen. Vasjuganje innehehld òg enorme førekomstar av torv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]