Vaskebrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russisk vaskebrett.

Vaskebrett er ei bølgjeforma rifla plate til å gni tøyet på når ein vaskar klede for hand. Vaskebrett kan også brukast som musikkinstrument, særleg innan fleire typar nordamerikansk folkemusikk. I overført tyding kan «vaskebrett» visa til ein mage med skarpt definerte musklar som kan minna om eit vaskebrett.

Vaskebrett til vask[endre | endre wikiteksten]

Ein set vaskebrettet i eit kar med vatn og skrubber klesvasken mot rillene. Vaskebrett finst i tre, metall som sink og stål, eller glas. I moderne tid er dei fleire stader blitt avløyste av vaskemaskin, men kan likevel nyttast til toving av tøy.

Musikkinstrument[endre | endre wikiteksten]

Zydecomusikar med vaskebrett til å ha på seg (frottoir).

Saman med sinkbalja vert vaskebrettet òg bruka som eit rytmeinstrument i nordamerikansk folkemusikk, og er mellom anna vanleg i jazz, blues, cajun, zydeco, jug band og oldtime. Vaskebrettet er eit viktig kjenneteikn på musikkstilen skiffle, som var populær på 1950-talet. Stilen har fått namn etter eit engelsk namn på vaskebrett, skiffleboard.

Ein speler på vaskebrett gjennom å slå eller skrapa på det, i nokre høve med fingerbjørg, flaskeopnarar eller børstar. Ein kan bruka alle slags vaskebrett som musikkinstrument, men dei gjev ulik lyd. Etterkvart er det også utvikla spesiallaga vaskebrett for musikalsk bruk, som til dømes er forma for å hengja langs brystet eller har ulike perkusjonsinstrument som treblokker, kubjøller eller cymbalar festa til seg.

Vaskebrett i overført tyding[endre | endre wikiteksten]

Inspirert av utsjånaden til vaskebrettet, vert ordet «vaskebrett» òg bruka om ujamn, småbølgjet vegbane. Vaskebrett oppstår i bakkar på grusvegar med for grov grus i slitelagsdekket, eller i snø. Ved køyring dannar det seg først små riller som etterkvart veks til større humpar på rad.

Tilsvarande vert «vaskebrett» òg bruka om tydeleg muskulaturmagen. Mønsteret er danna av dei rette magemusklane, Musculus rectus abdominis, som ligg i riller som på eit vaskebrett. Slike mønster finst gjerne på kroppar med mykje muskelmasse og lite feitt, særleg hjå menn. Vaskebrett eller «sixpack» er dermed sett som symbol på ein veltrent kropp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]