Vaskesetel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein vaskesetel, frå tysk Waschzettel, er bokstavleg ei liste som følgjer klede som blir sende på vaskeri.

Nemninga nyttast i dag helst i ei overførd tyding om førehandsomtale av bøker, trykt på baksida av omslaget til boka som vert omtalt. Det er forlaget som skriv denne omtalen, gjerne med eit stutt referat av handlinga i boka, slik at interesserte lesarar skal få lyst til å lese vidare. Vaskesetelen plar òg presentere forfattaren og noko av det han har publisert tidlegare.

Omgrepet kan òg brukast om tilsvarande førehandsomtale som forlaget sender til bokhandlar og aviser som ledd i marknadsføringa av ei ny bok, anten teksten er trykt i ei brosjyre eller den er lagt ut på forlaget sine nettsider. Omgrepet vart første gong bruka i denne tydinga i 1873[1].

Tilsvarande kan omgrepet vaskesetel òg brukast for omtale av filmar, anten han er trykt på baksida av filmomslaget, eller han vert send ut til utleige- og salsstader.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vaskeseddel» på Kunnskapsforlagets Store Norske leksikon 1981, ISBN 82-573-0036-5