Vassar Clements

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vassar Clements
Vassar Clements, October 2004.gif
Vassar i eit intevju i 2004 i Live Oak i Florida
Fødd25. april 1928(1928-04-25)
FødestadKinard
Død16. august 2005 (77 år)
DødsstadGoodlettsville
FødenamnVassar Carlton Clements
OpphavKinard i Florida
SjangerBluegrass, country
InstrumentFele, bratsj, cello, kontrabass, mandolin, tenorbanjo, gitar
Tilknytte artistarBill Monroe and the Blue Grass Boys, Jim and Jesse, Earl Scruggs, John Hartford, Norman Blake, Nitty Gritty Dirt Band, Old and in the Way, Jerry Garcia, The Grateful Dead, mange andre
Verka somMusikar

Vassar Carlton Clements (25. april 192816. august 2005) var ein USA-amerikansk jazz, swing og bluegrass-felespelar. Clements er blitt kalla «Faren til Hillbilly Jazz», ein improvisasjonsstil som blandar og låner frå swing, hot jazz og bluegrass, i lag med røtene til country og andre musikktradisjonar.

Wise byrja i 1949 å spele med Bill Monroe and the Blue Grass Boys og spelte med han i sju år. Han vart etter kvart ein mykje ettertrakta felespelar. Mellom 1957 og 1962 spelte han med bluesgrassbandet Jim and Jesse & the Virginia Boys, og spelte òg mykje med bluesgrassduoen Flatt and Scruggs på den populære kjenningsmelodien til TV-komedien The Beverly Hillbillies. I løpet av 1960-åra utvikla han eit alkoholproblem og byrja etter kvart å ta vanlege jobbar for å få endane til å møtest. Han klarte å bli edru og i 1967 flytta han til Nashville, der han vart ein mykje etterspurt studiomusikar. Han arbeidde då me Faron Young, Earl Scruggs, Nitty Gritty Dirt Band, Grateful Dead, Jimmy Buffett, Woody Herman, Linda Ronstadt og Paul McCartney.

Clements heldt si siste framføring den 4. februar 2005 i Jamestown i New York, og døydde 16. august 2005, 77 år gammal av lungekreft med spredning til hjernen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]