Vassbruksmiljø Takle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vassbruksmiljø Takle
Foto: Bjarne Thune
Vassbruksmiljø Takle
Foto: Bjarne Thune
Vassbruksmiljø Takle
Foto: Bjarne Thune
Frå venstre: Informasjonsbu, stampemølle, kvernhus

Vassbruksmiljø Takle ligg på Takle i Gulen kommune i Sogn og Fjordane fylke like ved vegkrysset mellom Fv1 og Fv3. Det består av bygningar og reiskap som viser korleis vasskraft vart utnytta i tidlegare tider. Vassbruksmiljøet inneheld ei stampemølle, eit kvernhus og ein vassdriven slipestein som alle er i fullt operativ stand. Ei stampe er ein bygning som vart brukt til framstilling av filt eller vadmål. Det er også bygd ei informasjonsbu med som viser historia til anlegget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stølsvatnet på Midttakle har frå gamalt av gjeve grunnlag for regulering og nytte av vassmengda i Takleelva. Nedanfor eit restaurert kvernhus nær brua på Midttakle er det reist ei operativ stampe. Ho vart truleg bygd av Bård Eivindson Takle i 1880 og var i bruk fram til 1945. Nær brua på Midttakle står eit kvernhus som i 199697 vart restaurert med ny kledning og torvtak, kvernkall og slok. I ein tømmerstokk i kvernhuset er årstalet 1785 rissa inn. Det er grunn til å tru at alle brukarane på Midttakle var saman om kverna.

Stampa vart bygd opp att på dei gamle murane i 199899 med stønad frå kommunen med midlar til spesielle tiltak i kulturlandskapet til landbruket. I august 1999 vart vassbruksanlegget og stampa på Takle opna under Kystsogevekene.

Stamping[endre | endre wikiteksten]

Stamping vart gjort om våren eller sommaren, for dei ferdig stampa vevstuane skulle bli bleika, og det vart gjort på bøen like ovanfor stampa. Ein kunne bruke bøen på denne måten før graset hadde vokse skikkeleg til, og når håa voks opp etter første slåtten. Den eine enden av vevstuen vart fest til marka med to pinnar, ein i kvart hjørne. Vevstuen vart så rulla ut og strekt og fest i andre enden på same måten. Så vart dei bleika i sola.

Stampa vart driven med vasskraft med et stort vasshjul. Det store hjulet gav jamn fart og trykk til krafta som vart brukt fire gonger for kvar omdreiing. Ein skulle lyfte to store trestokkar for kvar vevstu, og det var plass til tre stuar samtidig. Den høge stampestokken fekk plass oppe under mønet, og for kvart lyft fall han ned på stuen. Då gjekk vevstuane rundt og vart jamnt banka. Dei låg i kvart sitt kar fylt med varmt såpevatn under denne tovinga.

I stampehuset var det ei grue med ein stor kjel som vart brukt til oppvarming av vatn. I hellegolvet var der eit sluk, slik at det vatnet som var brukt gjekk rett i elva. På Midttakle har ein restaurert ei stampe ut frå ein modell laga av Magnus Takle, for å vise korleis dette handverket vart utført tidlegare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]