Vassdamp sitt mettingstrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vassdampen sitt mettingstrykk er det statiske trykket til vassdamp når gassfasen er i likevekt med væskefasen. Vassdampen sitt mettingstrykk er berre avhengig av temperaturen, og når temperaturen stig, vil vassdampen sitt mettingstrykk stige ikkje-lineært. Dette gjeld for alle gassar, ikkje berre vassdamp.

Når luft er ved vassdampen sitt mettingstrykk er temperaturen lik doggpunkttemperaturen. Vassdampen er då i dynamisk likevekt og kondensasjon av vassdamp er like stor som fordamping av vatn. Så ved vassdampen sitt mettingstrykk har lufta ei relativ fukt på 100 %, og viss temperaturen då blir lågare, vil vassdampen byrje å kondensere.

Den internasjonale standarden for vassdampen sitt mettingstrykk over vatn er gjeven ved Goff-Gratch likninga.

Små vassdropar har stor krumming, og viss vi tenkjer oss slike dropar i elles heilt rein luft, så krev desse dropane relativ fukt over 100 % (såkalla overmetting) for å ha vassdampen sitt likevektstrykk. Dropar med ein storleik på om lag 20 mikrometer kan overleve sjølv ved 100 % relativ fukt. Når dropane veks ved koalesens, kan dei overleve lenger fordi krumminga blir mindre når dropane veks. Atmosfæren inneheld derimot som regel kondensasjonskjerner, som gjer at vassdamp kan kondensere langt under det verkelege mettingstrykket på grunn av oppløysingseffekten. Viss temperaturen er låg nok i ei sky, som den ofte er i nimbostratus- og cumulonimbusskyer, kan små iskrystallar òg virke som kondensasjonskjerner i ein prosess kalla Bergeronprosessen.