Hopp til innhald

Vassenden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassenden
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 18[2][3]
Ferdselsårer 607[4]

Vassenden er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 18.[2][3]

Vassenden ligg ved utlaupet til Ramsgrøvatnet og grensar i nord og vest til Ramsgrø og til Øn i aust og sør.[3] Fylkesveg 607 går over garden.

Garden vart skilt ut frå Øn i 1873 og hadde før det vore husmannsplass. Ein veit sikkert at det har budd folk på Vassenden sidan 1700-talet, men det kan ha budd folk der også før.

Garden har heile tida vore einbølt.[3]

Gardsnamnet kjem av at garden ligg ved enden av Ramsgrøvatnet.[3]

Vassenden er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Vassenden» i 1986.[5]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 5. desember 2010
  2. 1 2 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 5. desember 2010
  3. 1 2 3 4 5 Inger Kellmer (1990). «Vassenden : Gnr. 18». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 160. ISBN 8299219817.
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 5. desember 2010
  5. «yr.no». Vitja 5. desember 2010

Vidare lesnad

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]