Vassendgutane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassendgutane

OpphavNoreg
Aktiv1996-
MedlemmerLars Egil Vågseter, Ernst O. Brune, Arthur J. Bjørdal, Bjørn Marius Øyehaug, Sindre Aam, Rune S. Brautaset

Vassendgutane er ei musikkgruppe frå Ørsta i Møre og Romsdal. Bandet blei etablert i 1996 og har gjeve ut fleire plater. Vassendgutane er på mange måtar ein heilt eigen genre, men spelar for det meste countrymusikk og dansebandmusikk. Musikken består av folkeleg country med eigne tekstar og melodiar, tema i mange av tekstane er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv. Bandet har gjeve ut fire plater, men det store gjennombrotet kom i 2005 med cd-en Ungkar med dobbelseng som har selt til gull. Bandet var sommaren 2007 eit av dei klart mest populære festivalbanda i Noreg. Nokre av bandet sine mest kjende songar er Ungkar med dobbelseng, Granada, Hei Reidar og I ei 60 sone.

Medlemmer av Vassendgutane[endre | endre wikiteksten]

Plater[endre | endre wikiteksten]

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

  • Ungkar Med Dobbelseng
  • Granada
  • Båtfolk
  • Hjortejakt
  • I ei 60 sone
  • Silikon i tatti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Øyvind Rønning (25. mai 2018). «Plumpt om metoo fra Vassendgutane». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]