Vassføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vassføring er eit omgrep innanfor hydrologi som refererer til volumet av vatn som per tidseining blir transportert gjennom eit tverrsnitt. Aktuelle tverrsnitt kan vere vassdrag, røyrleidningar eller luker. Når ikkje anna er oppgjeve, meiner ein middelvassføringa ved utløpet. Middelvassføringa i ei elv kan til dømes estimerast ved å ta eit kryssnitt av arealet av elva og multiplisere det med den gjennomsnittlege farten til væska som strøymer gjennom elva.

Måleeininga som blir brukt er vanlegvis kubikkmeter per sekund (m³/s) eller liter per sekund (l/s). Til dømes er den gjennomsnittlege vassføringa i Rhinen er 2200 m³/s. Dess større vassføringa i ei elv er, dess større evne har elva til å transportere sediment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]