Vassfaret

Koordinatar: 60°32′04″N 9°29′22″E / 60.5345°N 9.4895°E / 60.5345; 9.4895
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°32′04″N 9°29′22″E / 60.5345°N 9.4895°E / 60.5345; 9.4895

Utsyn over Nevlingen og innover mot Bringen.
Foto: John Erling Blad

Vassfaret (av «vassdrag») er eit område mellom Hedalen i Valdres, Hallingdal og Ringerike som er definert forskjellig av brukarar frå dei omkringliggande områda. I dag blir namnet stort sett brukt om dalen mellom Hallingdal og Valdres, frå Strøslidammen (Strøen) og til og med Aurdaln (Aurdalsfjorden). Landskapsvernområdet i Vassfaret dekker om lag dette området.

Området[endre | endre wikiteksten]

I Flå blir gjerne skogsområdet heilt fram til brinken ned mot bygda omtalt som Vassfaret. I Ringerike er det enkelte som tar med dei ytre delane av Hedalen til Vidalen med til Vassfaret, medan Vassfaret i Hedalen vert rekna som området frå Strøslidammen og til og med Aurdaln.

I eldre omtale dukkar forma «Hedalen i Vassfaret» opp, til skilnad frå dagens «Hedalen i Valdres». Forma kan tyde på at omgrepet er ei overlevering der Vassfaret tidlegare vart brukt om heile vassdraget, inkludert Vidalen og Hedalen. Namnet på den ytste fjorden i dagens Vassfaret, «Aurdalsfjorden», kan då tyde på at Aurdalen er eit eldre namn på dalen. Dette namnet eller liknande namn er ikkje lenger i bruk.

Vassfaret vart særleg kjent gjennom Mikkjel Fønhus, som ofte skreiv med Vassfaret og Vidalen som inspirasjonskjelde, og området har vore ein ynda stad for friluftsfolk på Austlandet sidan då.

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Kart frå 1839-1842, original ved Statens kartverk

Det sentrale området, med dei to innsjøane Nevlingen og Aurdalsfjorden, er ein dal som ligg på grensa mellom Sør-Aurdal kommune i Oppland og Flå kommune i Buskerud. I vest er det òg område i Nes kommune i Buskerud. Dalen byrjar som ein sidedal til Hedalen heilt sør i Valdres og strekkjer seg frå der vestover. I sør er Vassfaret avgrensa av høgdedraget mot Hallingdal og tilsvarande i nord av høgdedraget mot Valdres. Strøen, Suluvann, Øvre og Nedre Grunntjern, Nevlingen, Skrukkefylla og Aurdalsfjorden er vatna i vassdraget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Funn viser at det har vore menneskeleg verksemd i dette området sidan før Svartedauden i 1349.[treng kjelde] Mellom anna er det funne ein tømmerbrønn i nærleiken av Suluvann, der den gamle plassen Gørrbu ligg, ikkje langt frå Bringen. Området har såleis gjennom mange hundreår vore nytta til skog- og jordbruk, beite, jakt, fiske og friluftsliv.

Nevlingdammen er eitt av flere fløtningsanlegg i Vassfaret.
Foto: John Erling Blad
Dei gjenoppbygde delane av Vassfarplassen.
Foto: John Erling Blad
Utsyn frå Vassfarplassen. I forgrunnen det gamle stabburet. Vatnet i bakgrunnen er Nevlingen.
Foto: John Erling Blad

Alt før 1700-talet var det skogsdrift i området, og frå 1684 er det sikre kjelder om pågåande fløyting. Eit tinglest skøyte frå 1714 fortel at Strøsdammen vart seld av Harald Sukke frå Hedalen til Niels Iversen Tyrholm på Bragernes. Fløytinga heldt fram til 1967 då dette vart nedlagt. Etter den tid vart tømmeret transportert på lastebil. Områda der det ikkje var veg unngjekk dermed moderne skogsdrift. På grunn av den særskilte kulturvernplanen for Indre Vassfaret landskapsvernområde så vert fløytinganlegga halde i orden, og det pågår i dag fløyting i området.

Etter pesten er det ikkje kjent at det vart drive landbruk før om lag 1740. Da rydda Nils Hilde frå Flå og Knut Nerby frå Hedalen garden Nevlingmoen. Det er noko usikkert om dette er Vassfarplassen. Denne var rundt 1840 kjent som «Dølaplassen», men namnet kan tyde på at det budde ein hallingdøl på staden. Her budde mellom anna den segnomsuste Gudbrand, som hadde eit gevær som han kalla «Vassfar-lova». Ein kjenner til i alt 12 gardsbruk frå Vassfarets nære historie, som stort sett går frå 1700 til 1900. Den siste garden som vart fråflytta var Olsonheimen i 1914, men dei siste fastbuande var Berte Skrukkefyllhaugen og sonen Anton Bjørke. Dei flytta til Flå i 1921.

Vassfaret spelte òg ei sentral rolle under den andre verdskrigen da heimefrontbasen «Elg» vart oppretta der. Fjellpartiet rundt Vassfaret var den mest brukte slepplassen i Noreg for forsyningar frå England under denne tida. Den dag i dag kan ein finne store mengder sleppkontainarar og nedraste milorgceller her. Vassfaret fungerte òg som treningsområde for heimestyrkane, som mot slutten av krigen utgjorde eit ganske stort tal. Trass i enkelte tyske razziaer var det aldri kampar i området.

Naturvern[endre | endre wikiteksten]

I Vassfaret finn ein fleire naturvernområde med ulik vernestatus. Det totale vernearealet omfattar 264 235 dekar, der 18 740 da består av ni naturreservat og 245 495 da består av to landskapsvernområde. Landskapsvernområda, som heng saman som om dei var eit stort område, fungerer som ein buffersone rundt dei viktige naturreservata.

Om lag 54 % av verneområda ligg i Sør‑Aurdal kommune i Oppland, medan om lag 34 % ligg i Flå kommune, om lag 6 % i Nes kommune og om lag 6 % i Ringerike kommune, alle i Buskerud.

Verneområda nedanfor er lista opp frå søraust mot nordvest:

  1. Vassfaret/Vidalen landskapsvernområde, oppretta 28. juni 1985, 200 519 dekar
    1. Bukollen naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 3 199 daa
    2. Godmatdalen naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 1 342 daa
    3. Middagsknatten naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 1 241 daa
    4. Søndre Dyttholknatten naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 758 daa
    5. Nordre Dyttholknatten naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 564 daa
    6. Festningen naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 1 007 daa
    7. Aurdalseterberga naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 1 216 daa
    8. Nevlingkollen naturreservat, oppretta 28. juni 1985, 1 403 daa
  2. Indre Vassfaret landskapsvernområde, oppretta 28. juni 1985, 44 976 daa
    1. Bringen naturreservat, oppretta 27. august 1954, men kraftig utvida frå 28. juni 1985, 8 010 daa

Frp naturvernhald blir det hevda at vernet av Vassfaret gjennom landskapsvernområda har lagt svært få restriksjonar på moderne industriell skogsdrift, mellom anna i form av flatehogst og bygging av nye skogsbilvegar. I samband med debatten om vern av Trillemarka vart såleis Vassfaret ofte halde fram som eit døme på kor gale det kan gå når grunneigarinteressene får for fritt spelerom.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Vassfaret og Vidalen har ein rik fauna. Frå gammalt av har det vore ein stor bjørnestamme i Vassfaret, men i dag finst truleg berre streifdyr tilbake. Vinteren 2007/2008 overvintra derimot ein stor hannbjørn i 800 meters høgd ved Bogen.[1] Det siste bjørnefallet i traktene skal ha skjedd i 1956, men vassfarstamma av bjørn, som vert rekna som den siste heilnorske bjørnestamma, vart først erklært utdøydd på 1980-talet. Det er òg grunn til å tru at området hadde ei stor ulvebestand i tidlegare tider, men han vart utrydda raskare enn bjørnen. Derimot finst både jerv og gaupe i området, samt kongeørn. I tillegg finst store hjortedyr som elg og hjort, i tillegg til ei rekkje mindre pattedyr som raudrev, grevling, fleire mårdyr, rådyr, hare og gnagarar. Det finst også mange ulike rovfuglar og ein fuglefauna som generelt er typisk for barskogsområda på Austlandet.

I seinare år har har ein meint at bjørn kan etablere seg i Vassfaret på nytt. Det er dessutan truleg at gråulv tidvis streifar der, men det er lite truleg at norske styresmakter vil tillate at dette rovdyret får etablere seg der med det første.

Ein meiner at det var i desse traktene at den kjente slagbjørnen «Rugg» voks opp. Gjetarguten Johan Sagadalen var berre 13 år då han døydde av skadar han fekk i møte med bamsen ved Blåfjellhaugene i 1906. Ei utgåve av hendinga er at Johan lekte seg med å hoppe frå stein til stein, og plutseleg hamna oppå ein bjørn som låg og sov. Bjørnen bråvakna, reiste seg og trefte guten med labben. Ei anna utgåve er at Johan gjekk rett på bjørnen som låg og vakta eit bytte. Johan døydde tre veker seinare på Drammen sjukehus. Ei minneplate er sett opp ved Blåfjellhaugene der tragedien skjedde.

Etter denne historia blir det fortalt at storparten av sambygdingane hans i Hallingdal vart bjørnehatarar. Det er sjeldan at folk i Hedalen og Hallingdalen er einige så i Hedalen vart det derimot til at forklaringa på dødsfallet var dårleg legebehandling. De meiner at bjørnen vart overraska og reagerte i sjølvforsvar.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Vassfaret er prega av lavalpin barskog, lyng og myr. Den sørvestvendte lia under Bukollen er spesielt verdifull med rik høgstaudevegetasjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eli Bondlid. 20. april 2008. Fant bjørnehi i Vassfaret. Ringerikes Blad. Vitja 20. april 2008