Vassfjellet skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassfjellet skisenter
Kart
Vassfjellet skisenter
63°15′56″ N 10°24′4″ E

Vassfjellet skisenter er eit alpinsenter som ligg i Trondheim kommune (tidlegare i Klæbu kommune) i Trøndelag, på austsida av Vassfjellet. Senteret ligg om lag 8 km sør for bygrensa til Trondheim.

Vassfjellet skisenter har 7 skiheisar, 12 nedfartar[1] og ei total fallhøgd på 460 m. Her er også kafé, utleige av ski, skiservice og skiskole.[2]

Alpinsenteret opna for første gong i 1984.[3] Sportsklubben Freidig kjøpte senteret og tok over drifta i 2018.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vassfjellet - Hele byens fristed», Vassfjellet (på norsk bokmål), henta 16. desember 2022 
  2. «Informasjon om Vassfjellet skisenter». Skiinfo.no. Henta 21. januar 2014. 
  3. «Vassfjell Skisenter – tilblivelse og de første driftsår» (PDF). Klæbu Historielag Årsskrift 2012. s. 6. 
  4. «Vassfjellet vinterpark | Gode idrettsanlegg», www.godeidrettsanlegg.no, henta 16. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]