Vassgraut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vassgraut er graut koka på vatn i staden for mjølk. Graut og flatbrød var dei to rettane som var historisk kvardagsmat i Noreg. Til kvardags vart grauten i dei fleste heimar koka på vatn. Vassgraut vart rekna som skral kost i høve til graut koka på mjølk. Det var ikkje uvanleg at tenestefolk måtte eta vassgraut, medan sjølfolket åt graut koka på mjølk.

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Når vassgraut vart kokt over open eld, var det vanleg å bruke jarngryte og tvore. Først måtte vatnet, mange stader kalla mokket,[1] koke. Så dryste ein mjølet i med eine handa medan ein rørte med tvora. Dette skulle hindre at det vart klumpar i grauten. Ein måtte røre til ein var sikker på at alt mjølet var kokt. Då vart det heller ikkje mjølsmak av grauten. I tillegg til vanleg røring, kunne tvora haldast mellom båe handflatene og vert snurra rundt, medan ho vart ført rundt i grauten. Når grauten tok til å stivne, stampa ein med tvora. Då vart han og salta med grovsalt. Han var ferdig når tvora stod i grautgryta.

Skikkeleg kokt graut måtte ikkje få sprekker, skirne, når han kom i grautfatet. Det oppnådde ein med iherdig stamping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Selje info Ord og uttrukk M - O