Vassijaure-sjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
SJ Rc 6 Vassijaure.jpg

Vassijaure (nordsamisk: Vássejávri) er ein alpin innsjø som ligg mellom Riksgränsen og Vassijaure i Kiruna kommun i Lappland i Sverige. Innsjøen ligg 463 meter over havet, og er 5,3 km lang. Dreneringa av innsjøen går via ei elv der vatnet etterkvart hamnar i Torneträsk. Vassijaure er vanlegvis isfri i midten av juni, og frys til igjen i oktober eller november. I innsjøen er der sik, røye, aure, lake og ørekyte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]