Vasspest
Vasspest | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Klasse: | Liliopsida | |
Orden: | Alismatales | |
Familie: | Hydrocharitaceae | |
Slekt: | Elodea | |
Art: | E. canadensis | |
Vitskapleg namn | ||
Elodea canadensis
Michx.
|
Vasspest er ein fleirårig vassplante i froskebitfamilien. Han er opphavleg utbreidd i mesteparten av Nord-Amerika, men har òg vorte særs vanleg i Europa. Norsk svarteliste reknar han som ein framand art med høg risiko for økologiske skadeverknader.
Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]
Vasspesten veks under vatn og står oppreist. Blada er om lag 1 cm lange og 2 mm breie, er mørkt grøne på farge og sit motsett eller i tretalskransar langsetter den lange og slakke stengelen. Ho-bloma har raude begerblad og kvite kronblad, og er om lag 4 mm brei. Ho vert pollinert av vatnet, men det er ikkje kjend seksuell reproduksjon frå Norden. Vegetativ spreiing - avleggarar og liknande - er derimot eit stort problem; små plantedelar spreiar seg via vatn, båtar, fugl, fiskeutstyr og utslepp frå akvarium.
Vasspest i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Vasspesten vart først funnen i Europa i 1817, då han vart innført til Irland. I Noreg vart han innført i 1925 i Østensjøvannet i Oslo. Sidan då har han spreidd seg langs kysten til Rogaland og nordover til mjøsområdet.
Ein finn vasspesten helst i næringsrike vatn og dammar. Han er ein god konkurrent om ressursane, og utkonkurrerar lett mange andre vassplantar. Det er registrert store kortsiktige skadeverknadar på det biologiske mangfaldet i økosystema han har trengd seg inn i. Forskarar trur likevel at økosystema vil stabilisera seg til slutt
Det er forbod mot import, omsetjing, hald og utsetjing av vasspest i Noreg. Forbodet gjeld òg den skylde arten smal vasspest[1].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lid, Johannes: Norsk flora (7. utgåva) Samlaget, 2005
- Artsdatabanken Arkivert 2007-09-09 ved Wayback Machine.