Vasstrålepumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vasstrålepumpe er ei enkel luftpumpe eller sugepumpe, som kan monterast til ein kran på trykkvassleidninga. Inni i pumpekammeret er inn- og utløpsrøyra konisk forma, og i denne innsnevringa får vatnet stor fart. I væske eller gass i fart er det undertrykk. Luft blir soge inn i den hurtige vasstraumen i opninga mellom røyrendane. Det lågaste lufttrykket ein kan oppnå med ei vasstrålepumpe, er lik metningstrykket til vassdampen ved den temperaturen vatnet har. Vasstrålepumpa vart oppfunnen av Robert Bunsen, og verkar på same måte som bunsenbrennaren for gass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]