Vaterland småkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaterland småkyrkje
kyrkje
Vaterland småkyrkje i 1899
Foto: Oscar Hvalbye / Oslo Museum
Arkitekt Heinrich Jürgensen
Innvigd 1899
 - Endringar Rest. 1949, riven 1960
Sitjeplassar 300
Kart
Vaterland småkyrkje
59°54′47″N 10°45′23″E / 59.913149°N 10.756256°E / 59.913149; 10.756256
Wikimedia Commons: Vaterland småkirke

Vaterland småkyrkje eller Vaterlandskyrkja låg i Vognmannsgata 25 på Vaterland i Oslo. Dette var den første småkyrkja i Oslo,[1] og ho var distriktskyrkje under Jakob kyrkjelyd.

Kyrkja vart oppført etter teikningar av Heinrich Jürgensen[1] og vart innvigd 22. desember 1899. Ein kyrkjelydssal i tilknyting til kyrkjesalen kunne stengjast av med skuvedører. Kjellaren hadde rom til mindre møte, barnehage og speidergrupper. Vaterlandskyrkja skulle vere open alle dagane i uka og skulle vere utgangspunkt for å løyse praktiske og sosiale problem i området.[1] Kyrkja vart pussa opp i 1949 før ho vart riven i 1960 som ein del av saneringa av Vaterland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kirkebøe, M.C. (1897-1969) (1956). Oslos kirker i gammel og ny tid: hovedkirker, annekskirker og kapeller. Oslo: Land og kirke. s. 45. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]