Vater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vaterpass)
Vaterpass som kan brukast til å kontrollera om noko er vassrett eller loddrett. Dette vateret har også avlesingsboble for 45 graders vinkel.
Bobla i libellen på vaterpasset skal vera mellom strekane når vaterpasset står nøyaktig vassrett eller loddrett.

Vater eller vaterpass er eit måleinstrument som blir brukt til å kontrollera om flater, linjer eller gjenstandar er nøyaktig vassrette eller loddrette.[1] Vater blir særleg brukt ved arbeid som bygging, snekring og dekorering. Namnet vaterpass kjem frå lågtysk/nederlandsk av water, 'vatn' og eldre nederlandsk pas, 'tilstand')

Eit vater har to eller fleire kammer, libellar, som inneheld væske og ei gassboble. Dei er gjennomsiktige eller har vindauge slik at ein kan sjå bobla. Rette linjer eller linjalar gjer at ein sjå om bobla ligg midt inne i væska, og om ho er det er det ein måler anten er heilt vassrett (i vater) eller heilt loddrett (i lodd). Det finst også vater med libellar som viser 45º vinkel.[2] Nokre har dreibare libellar med gradskala.

Eit vater kan kontrollerast ved at ein vender det 180° og sjekker om libellen gjev same resultat som før. Er det avvik, kan ein ofte justera verktøyet ved hjelp av fjørbelasta stillskruer på libellane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjellefall, Per M. (1991). Materiallære og verktøy for byggefag. Universitetsforlaget. s. 151. ISBN 8200405621. 
  2. «vater, vaterpass» i Store norske leksikon, snl.no.