Vatikanmusea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

41°54′23″N 12°27′16″E / 41.90639°N 12.45444°E / 41.90639; 12.45444

Vatikanmusea

StadVatikanstaten
Skipa1506
DirektørBarbara Jatta[1]
Kart
Vatikanmusea
41°54′23″N 12°27′16″E / 41.906388888889°N 12.454444444444°E / 41.906388888889; 12.454444444444

Vatikanmusea (italiensk Musei Vaticani) er ei gruppe museum i Vatikanstaten i Roma i Italia. Dei omfattar fleire museum innanfor grensene til Vatikanet. Musea viser verk frå ei veldig kunstsamling som er blitt samla av ulike pavar gjennom hundreåra, inkludert ei rekkje av kjende klassiske skulpturar og dei viktigaste meisterverka innan renessansekunst.

Musea blei grunnlagde tidleg på 1500-talet av pave Julius II. Det sixtinske kapellet med det kjende takmåleriet av Michelangelo og Stanze della Segnatura («Rafaels rom») dekorert av Rafael er på den faste besøksruta gjennom Vatikanmusea. Vatikanmusea er eit av dei største kunstmusea i verda. I 2017 hadde musea 6 millionar vitjande, som til saman gjorde det til det fjerde mest vitja kunstmuseet i verda.[2][3]

Musea omfattar 54 galleri, eller salas. Det sixtinske kapellet er den siste salaen i musea. Vatikanmusea er ikkje berre kunstmuseum, men består òg av gjenstandssamlingar. Til saman omfattar deistore mengder skriftleg materiale, kunst og andre gjenstandar. Musea har rundt 70 000 verk, med 20 000 på utstilling.[4] Det har rundt 640 tilsette som arbeider i 40 ulike administrative, forskings- og restaureringsavdelingar.[5]

Byrjing[endre | endre wikiteksten]

Ein romersk kopi av den opphavlege greske marmorstatuen Laokoon-gruppa frå ca. 50 f. Kr. blei funnen i Roma i 1506. Dette var byrjinga på kunstsamlingane i Vatikanmusea.

Musea kan spora opphavet sitt til vinteren 1506. Då gjekk pave Julius II gjekk til innkjøp av ein marmorstatue som blei stilt ut i Vatikanet nokre veker seinare.

Det dreidde seg om ein skulptur av Laokoon, ein prest kjend frå gresk mytologi for å ha prøvd å overtala folkesetnaden i Troja om å ikkje ta imot «gåva» grekarane hadde til dei; ein stor hest (den trojanske hesten), utan å lukkast. Skulpturen viser Laokoon og sønene hans fanga av ein sjøorm.

Skulpturen blei funnen av ein vinbonde den 14. januar 1506 i ein vingard ikkje langt frå basilikaen Santa Maria Maggiore i Roma. Pave Julius II sende Giuliano da Sangallo og Michelangelo Buonarroti, som då begge arbeidde i Vatikanet, for å undersøka oppdaginga.

Ein månad etter at funnet var gjort, stilte paven ut skulpturen av Laokoon og sønene hans.

Vatikanmusea i snevrare og vidare forstand[endre | endre wikiteksten]

Den berømte spiraltrappa i Vatikanmuseet i Roma

I snevrare forstand[endre | endre wikiteksten]

Dei eigenlege vatikanmusea omfattar dei følgjande institusjonane og avdelingane, som alle ligg i same hjørne av Vatikanstaten:

  • Museo Gregoriano Egizio
  • Museo Gregoriano Etrusco
  • Musei di Antichità Classiche
  • Museo Pio Cristiano (med Lapidari Cristiano og Ebraico)
  • Pinakoteket
  • Galleria degli Arazzi
  • Keramikkmuseet (800- til 1200-talet)
  • Dei mindre mosaikkane
  • Samlinga av moderne og religiøs kunst
  • Museo Missionario-Etnologico
  • Museo Sacro (bibliotek)
  • Museo Profano
  • Museo Storico Vaticano

Pavepalasset[endre | endre wikiteksten]

Det apostoliske palasset tilhøyrer ikkje eigentleg Vatikanmuseea, men med inngangsbilett til musea får ein likevel tilgang til:

  • Palazzetto del Belvedere
  • Dei øvre galleria (Candelabri, Arazzi, Carte Geografiche)
  • Pave Pius Vs appartamento (leilegheit)
  • Sala delle Dame
  • Sala dell'Immacolata
  • Stanze di Raffaello
  • Sala dei Chiaroscuri
  • Cappella Niccolina
  • Pave Urban VIIIs kapell
  • Det sixtinske kapellet
  • Appartamento Borgia
  • Salone Sistino
  • Sala delle Nozze Aldobrandine
  • Dei lågare galleria (Urbano VIII., Alessandrina, Clementina)

Publikumsbesøk[endre | endre wikiteksten]

Kring fire millionar turistar og andre vitjar Vatikanmusea kvart år (tal frå februar 2006). Nokre år før var tala omtrent det halve, men frå og med Heilagåret 2000 ekspanderte tilstrøyminga dramatisk. Dette skjedde omtrent samstundes som verdssituasjonen tilsa strengare tryggingstiltak, noko som har ført til at musea er blitt berykta for lange køar langs gatene framfor inngangsportalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Troszczynska, Katarzyna (1. januar 2017). «To ona rządzi w Watykanie. Kim jest Barbara Jatta?» [Who is Barbara Jatta? She is the director of the Vatican] (på polsk). Virtual Poland. Henta 29. august 2017. 
  2. «Top 100 Art Museum Attendance» (PDF), The Art Newspaper, 2014.
  3. «Museums and gallery visitors figure for 2017». Henta 18. mars 2018. 
  4. «Meet Antonio Paolucci». Divento. Arkivert frå originalen 29. desember 2016. Henta 28. desember 2016. 
  5. Jatta, Barbara (16. oktober 2016). «The Vatican Museums: transformation of an organisation» (PDF). Vatican Museums. Henta 29. august 2017.