Vatlestraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°20′8″N 5°11′28″E / 60.33556°N 5.19111°E / 60.33556; 5.19111

Vatlestraumen
Land  Noreg
Kart
Vatlestraumen
60°20′13″N 5°11′23″E / 60.336944444444°N 5.1897222222222°E / 60.336944444444; 5.1897222222222
Wikimedia Commons: Vatlestraumen

Vatlestraumen er ein del av hovudleia i innseglinga til Bergen frå sør, nærare bestemt passasjen mellom Bjorøyna i Øygarden kommune og fastlandet ved Hilleren og Håkonshella i Bergen kommune. Farleia mellom Litlesotra og fastlandet på Bergen-sida er delt i to her; Kobbaleia går på den andre sida av Bjorøyna. Farvatnet i Vatlestraumen er breiare enn i Kobbaleia, og også betre oppmerka med sektorlys. Begge løpa er nautisk krevjande på grunn av topografien, krav til fleire store kursendringar innan eit kort tidsrom og den store trafikktettleiken i og rundt farvatnet av både større og mindre fartøy. I tillegg er straumpåverkningane sterke og til dels uføreseielege. Straumen følgjer ikkje alltid retningen til sundet, og kan i blant setja mot Revskolten lykt.[1] Ettersom store fartøy er i konstant svingkondisjon i den eine eller andre retningen når dei går gjennom Vatlestraumen, er det uforsvarleg for to større fartøy å møta kvarandre her. Derfor er det alminneleg praksis at større fartøy varslar på VHF-kanal 16 om tidspunktet dei vil passera gjennom Vatlestraumen.

Den norske los, gjeve ut av Sjøkartverket, omtalar Vatlestraumen slik:

Vatlestraumen vender tidevannsstrømmen ved HW og LW. Den går N-over med stigende og S-over med fallende vann. På det sterkeste går strømmen flere knop og mange virvler oppstår til sjenanse for mindre fartøyer. Markerte bakevjer under land. Der blir krapp strømsjø når vind og tidevann går motsatt vei.

Den 19. januar 2004 gjekk MS «Rocknes» på ei grunne rett ved Revskolten lykt i Vatlestraumen. Skipet forliste og 18 menneske døydde. Det blei gjort nokre mellombelse tiltak i etterkant av ulykka, og sommaren 2012 blei grunna sprengd ned til 14 meters djupne. Seilingsleden som tidligere var 220 meter på det smaleste, er nå 250 meter bred med denne dybden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]