Vatnahalsen Høyfjellshotell

Koordinatar: 60°44′37″N 7°7′53″E / 60.74361°N 7.13139°E / 60.74361; 7.13139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°44′37″N 7°7′53″E / 60.74361°N 7.13139°E / 60.74361; 7.13139

Vatnahalsen Høyfjellshotell sett frå Bergensbanen.
Foto: MeRyan
Vatnahalsen Høyfjellshotell.
Foto: Jun Kwang Han

Vatnahalsen Høyfjellshotell er eit hotell i Aurland kommune. Det ligg i nærleiken av Myrdal stasjonBergensbanen og Vatnahalsen haldeplassFlåmsbana.

Hotellet vart opphavleg bygd som eit sanatorium av lækjaren Håkon Philip Fretheim (1853-1924) og Sjur B. Heimdal (1863-1950). Opphavleg vart det oppført ein mindre bygning i drakestil i 1896. Noko sanatoriumdrift vart det aldri. Sjur Heimdal vart utløyst or sameiga etter nokre år. Håkon Fretheim dreiv hotellet aleine med leigd styrar.

Vatnahalsen hotell vart raskt svært populært. Dette grunna anlegget på Bergensbanen som kom i gang ikkje lenge etter. Folk knytt til administrasjonen og anleggsleiinga nytta hotellet mykje. Den nye anleggsvegen opp Flåmsdalen vart og nytta ein del av reisande. Vinteren 1935-36 vart hotellet atter ein gong ombygd og modernisert. Under denne ombygginga vart eksteriøret endra, og sveitserstil-preget vart borte.

I 1930-åra tok påsketrafikken til å auka, og Vatnahalsen fekk ry på seg som ein god og populær feriestad for påsketuristar. I gjestebøkene frå 30-talet kan ein lesa at svenskar, danskar og engelskmenn fann vegen til fjellet både sommar og vinter. Under krigen vart hotellet okkupert av tyskarane. Den 23 juni 1940 brann hotellet ned til grunnen. I 1953 starta gjenoppbygginga av hotellet, og 10. juni 1954 vart Vatnahalsen Høyfjellshotell opna att. Hotellet vart drive av Guttorm Fretheim fram til 1960.

På 1960 og 70-talet hadde hotellet fleire eigarar. Eit tilbygg vart reist i 1970. I 1978 fekk hotellet eige skitrekk. I november 1983 tok Kjell Arne og Rigmor Aksnes over som vertskap. Dei fekk seinare kjøpa hotellet. Dei har lagt opp til å gje eit breitt tilbod for å sikra heilårsdrift ved hotellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]