Vatne kraftverk

Koordinatar: 62°8′24.72″N 6°14′59.82″E / 62.1402000°N 6.2499500°E / 62.1402000; 6.2499500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°8′24.72″N 6°14′59.82″E / 62.1402000°N 6.2499500°E / 62.1402000; 6.2499500

Vatne kraftverk
Foto: PeltonMan

Vatne kraftverk er eit vasskraftverk i Storelva i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket er eit elvekraftverk utan eige reguleringsmagasin.

Kraftverket utnyttar eit fall på 93 meter.

Midlare årsproduksjon er på 11,5 GWh og installert effekt er på 2.5 MW. Kraftverket vart sett i drift i 1987.

Vatnet som er brukt i kraftstasjonen er tidlegare brukt i Bjørdal Kraftverk.

Eigar er Tussa Energi AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]