Vatnevatnet i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vatnevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Høgd over havet 90 moh.
Areal 2,05 km²
Kystlengd1 6,7 km
Kart
Vatnevatnet i Ørsta
62°08′44″N 6°13′53″E / 62.145555555556°N 6.2313888888889°E / 62.145555555556; 6.2313888888889
Wikimedia Commons: Vatnevatnet (Ørsta)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Vatnevatnet er eit vatn i Ørsta kommune.

Vatnevatnet ligg fremst i Åmdalen. Avlaupet frå Vatnevatnet til Åmdalselva er i nordenden. Der heiter det Vassenden. Åmdal Ungdomslag har lagshuset sitt der. Vassendgutane har øva der, og har namnet sitt frå denne staden.

655 går gjennom Åmdalen, og går eit stykke langs austsida av Vatnevatnet, frå Vassenden til vegen svingar vekk frå vatnet og går opp Nakkebrauta mot Bondalseidet og vidare mot Sæbø. Ved Vassenden er det kryss med veg som går over Krøvelseidet til Volda.

Der 655 svingar vekk frå vatnet er det kryss med veg som går vidare til garden Vatne, i nordenden av vatnet. Denne vegen går vidare gjennom Aldalen til Hunnes i Austefjorden.

Ørsta kommune har laga til kommunal badeplass på vestsida av Vatnevatnet, ikkje så langt frå sist omtala krysset.