Vattubrinken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°14′46.406″N 17°34′48.666″E Vattubrinken er ein svensk tettstad i Södertälje kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 313 innbyggjarar.

Tettstadane Vattubrinken, Sandviken og Ekeby samt bygdene Tuna og Stjärna och Aska med omland plar samla å bli kalla Enhörna. Området høyrer til Enhörna församling og Enhörna kommunedel i Södertälje kommune. Kommunedelen Enhörna blei danna i 1967, då Enhörna kommune blei slått saman med Södertälje. Kommunen Enhörna blei i sin tur danna ved ei samanslåing av kommunane Ytter- og Överenhörna i 1952. Ekeby plar reknast som administrasjonssentrum i Enhörna, sidan hovuddelen av servicefunksjonane ligg der.

Det er regelmessig bussamband med Södertälje dagleg. I sommarhalvåret går det dagleg båtar frå Sandviken og Ekensberg til Stockholm og Mariefred.

Dei næraste jernbanestasjonane er Södertälje Syd for fjerntog, Nykvarn for regiontog og Södertälje Centrum for lokaltog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]