Vaughan Williams Memorial Library

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaughan Williams Memorial Library
Cecil Sharp House-1.jpg
StadCamden

Vaughan Williams Memorial Library
51°32′17″ N 0°8′58″ W

Vaughan Williams Memorial Library (VWML) er eit bibliotek og arkiv for English Folk Dance and Song Society (EFDSS). Det ligg i hovudkvarteret til dette laget London, Cecil Sharp House. Biblioteket omfattar bøker, tidsskrift, audio-visuelt materiell, fotografi og lydopptak, i tillegg til manuskript, feltnotat, transkripsjonar og anna frå fleire samlarar av musikk- og dansetradisjonarDei britiske øyane. Biblioteket har namn etter Ralph Vaughan Williams, komponisten og samlaren som ei tid var leiar for EFDSS.

Biblioteket byrja som Cecil Sharp Library, ettersom størstedelen av samlinga var dqanna av hans bøker. Etterkvart blei det lagt til annan litteratur, lydopptak og manuskript frå andre folkloristar og samlarar som Lucy Broadwood, Janet Blunt, Anne Gilchrist, George Butterworth, Hammond-brørne og George Gardiner. Det omfattar også dokument og notatbøker etter Sabine Baring-Gould, Ralph Vaughan Williams, Alfred Williams og James Madison Carpenter; og feltopptaka til Percy Grainger, Mike Yates og BBC Folk Music Archive.

Emne i biblioteket er mellom anna folkeviser og populære viser, Child Ballads, skillingsviser, industri- og yrkessongar, sjantiar, songleikar, barnerim, gatehandlarrop, carolar, hymnar, kanonsongar, Music hall-songar, rituell/seremoniell dans, morrisdans, sverddans og mykje anna,

I mai 2006 lanserte biblioteket VWML Online, ein nettstad som omfattar mange indeksar til manuskriptsamlingane deira og indeks til mummers' play, Roud Folk Song og skillingsviser (Broadsides) som er nokre av dei største slike engelskspråklege indeksa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]