Vaupés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaupés
elv
Indigenas navegando por el rio Vaupes - panoramio.jpg
Vaupés i bruk til transport
Foto: Carlos E Duarte
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Lengd 1 050 km
Kjelde Vest for byen Calamar, Colombia
Munning Rio Negro

Vaupés
0°2′3″ N 67°16′50″ W
Wikimedia Commons: Río Vaupés

Vaupés (i Brasil og på portugisisk: Uaupés) er ei av dei viktigaste sideelvene til Rio Negro, som i sin tur er den største nordlege sideelva til Amazonas. Vaupés renn gjennom to departement i Colombia, Guaviare og Vaupés-departementet, og deretter gjennom delstaten Amazonas i Brasil. Ho har ei total lengd på 1050 kilomter. Ho er ei svartvasselv.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Elva Vaupés har utspringet sitt inne i Guaviare, vest for byen Calamar (02 ° 03′N 72 ° 53′W), ved sammenløpet av Itilla og Unilla. Ho renn austover, gjennom byane Miraflores, Puerto Silvania, Santa Rosa, Tucuña og Mitú, hovudstaden i Vaupés-departementet, og etter å ha fått tilførsel frå Cuquiari og Querani. Rett før grensa til Brasil får ho tilføsel frå elva Querari.

Herfrå dannar løpet av Vaupés den naturlege riksgrensa mellom Colombia og Brasil, først mot aust, deretter mot sør tilsaman ca. 100 kilometer. Her er elva kjent som Uaupés i Brasil, og er delvis farbar. Ho kryssar dei brasilianske byane Puraquê, Ponta Cuiubi og Iauaretê, der ho sluttar å vere grenseelv og går sørover inn i den brasilianske delstaten Amazonas. Ho passerer gjennom byane Paraná Juca, Tuluca, Açai Paraná og São Joaquim, før ho endeleg blir tømt i Río Negro.

I Brasil passerer Vaupés nær ekvator ved fleire høve. Dei viktigaste sideelvene på dette strekket er Papuri, Tiquié og Iauiari.

Den italienske oppdagaren og fotografen Ermanno Stradelli (1852–1926) gjorde ein tur nedover denne elva i 1881, sponsa av Società Geografica de Roma. Han publiserte inntrykka sine i 1890, som «Il Vaupes e gli Vaupes». (Bolletino della Società Geográfica Italiana, 3a. serie, vol. 3, 425-453).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stradelli, Ermanno (1890). «L'Uaupés e gli Uaupés». Bolletino della Società Geografica Italiana (3a. série, vol. 3): 425–453. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]