Vavtrudnesmål


Vavtrudnesmål (norrønt Vafþrúðnismál) er eit av dikta i den norrøne diktsamlinga Den eldre Edda og handlar om Odin si reise til jotunen Vavtrudne for å få greie på kven av dei to som er den klokaste. Diktet er teke med blant dei 32 Edda-dikta i manuskriptet Codex Regius. Det blir rekna til kunnskapsdikta i Edda, som står i motsetnad til heltedikta.[1]
Handling
[endre | endre wikiteksten]Diktet kan delast i tre delar. Det blir innleidd med ein samtale mellom Odin og kona hans Frigg om at Odin må oppsøkja jotunen Vavtrudne for å finna ut om han er like klok og kunnskapsrik som Odin sjølv. Frigg rår han frå å dra, men Odin må dra fordi han ikkje toler tanken på at nokon er jambyrdig med han i kløkt.
Etter dei fem innleiande versa dreg Odin til hallen til jotunen og presenterer seg for Vavtrudne som «vandraren» (Gagnráðr), og dei går i gang med å spørja kvarandre ut om namn på ulike mytologiske figurar og andre mytologiske forhold. Ingen klarer å setja den andre fast, og i den siste delen av diktet er det Odin som stiller spørsmåla. Til slutt må vandraren stilla spørsmål om kva Odin kviskra i øyret til sonen sin Balder då han blei boren til likbålet. Her måtte Vavtrudne gje opp, for det visste ingen. Samtidig forstod no Vavtrudne kven han samtalte med – ingen andre enn den som sjølv kviskra det kunne vita svaret. «Ingen det veit,/kva i upphavs tid/du sjølv sa son din i øyra». Finnur Jónsson hevdar at Vavtrudne måtte døy for dette, jamfør sluttordet til jotunen i siste vers: «men feig munn eg kvad/um forne runer/og um ragnarok;/med Odin er det/eg antrast heve,/visast vert du av alle.»[2]
Opphavet til diktet
[endre | endre wikiteksten]Diktet er truleg skrive ned rundt 1270,[3] men blei sannsynlegvis dikta tidlegare og overlevert munnleg. Den islandske filologen Fínnur Jónsson tidfesta diktet til 900/talet ut frå det fullstendig heidenske innhaldet.[4] Jónsson tidfesta det nærare til å vera relativt gammalt og frå fyrstedelen av hundreåret ut frå at det nemner at stamfaren til jotnane hadde seks hovud. I yngre Edda-dikt, som Hymeskvadet, hadde jotnane opptil 900 hovud.[5]
Versemål
[endre | endre wikiteksten]Diktet har 55 vers og er rekna for å vera fullstendig bevart.[6] Diktet er skrive i versemålet ljodahått (norrønt ljóðaháttr), med seks linjers vers i to seksjonar der det er to kortlinjer følgde av ein langlinje. Det har stavrim. Jónsson reknar diktet som «i teknisk henseende fortræffeligt», med god evne til å karakterisera personane med få ord og halda fast ved personkarakteristikkane. Diktet er omsett både til riksmål (av Gustav Antonio Gjessing) og til nynorsk (av Ivar Mortensson-Egnund).
- Ráð þú mér nú, Frigg,
- alls mik fara tíðir
- at vitja Vafþrúðnis;
- forvitni mikla
- veð ek mér á fornum stöfum
- við þann inn alsvinna jötun.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Harald Beyer (1963): Norsk litteraturhistorie, Oslo, s 24
- ↑ , sett om av Mortensson-Egnund, Ivar, «Vavtrudnesmål – heimskringla.no», heimskringla.no, henta 25. juli 2025
- ↑ Encyclopædia Britannica, Codex Regius
- ↑ Finnur Jónsson (1907): Den islandske litteraturs historie, København, s. 47
- ↑ Finnur Jónsson (1907): Litteraturhistorie, bd. 1
- ↑ Finnur Jónsson (1907), s 46
- ↑ Vavtrudnesmål, 1. vers etter Guðni Jónsson. («Raad mig nu, Frigg! fare at gjeste, jeg Vavthrudne vil; gammel visdom, gad jeg vel friste, med alkloge jotun.»)
- Denne artikkelen bygger på «Vavtrudnesmål» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2025.