Ve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ve eller er ei gamal nemning på ulike typar av heilagdomar som vart nytta i førkristen tid i Norden.

Nemninga «ve» har samanheng med det norrøne verbet vigja, som tyder 'å gjere heilag'. Ordet «vé» finn ein både hjå dei norrøne skaldane og i den anonyme diktsamlinga Den eldre Edda, som til dømes i strofe 51 eddadiktet Vavtrudnesmål, der det står at Vidar og Våle (sonar av guden Odin) skal få gudane sitt vé etter at verda er oppattnya etter Ragnarok og mesteparten av den gamle generasjonen gudar er stroke med.

Mange nordiske stadar har namnet Ve eller namn som inneheld «ve» i ulike variantar, som til dømes dei mange stadane Viby i Sverige og Danmark, Odense («Odins-ve») på Fyn i Danmark og Odensvi i Närke i Sverige.

Døme på kva som kan ha vore ein type ve, i dette høvet ein kultstad, vart funne ved arkeologiske utgravingar på eit jorde på Ranheim i Trondheim i 2010 i samband med planar om å byggje bustadblokker på tomta. Under eit tjukt lag av mold vart det grave fram ein horg, spor etter stolper som ser ut til å ha markert ein bygning, eit hòv, der det kan ha stått gudebilete, og to låge steingarder attmed kvarandre, som kan ha markert ein veg som har vore nytta for kultiske eller rituelle prosesjonar.[1] Funnet vert rekna mellom dei viktigaste og mest interessante som har vore gjort i nyare norsk arkeologi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå artikkel av Preben Rønne i tidsskriftet Spor nr. 2/2010, utgjeve av NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim, Seksjon for arkeologi og kulturhistorie, side 32 - 35