Hopp til innhald

Veøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veøy
stad
Veøy kyrkje, Sølsnes
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Postnummer 6456 SKÅLA
Innbyggjarnamn veøygjelding
Ferdselsårer 64
Kart
Veøy kommune
62°40′14″N 7°25′29″E / 62.670555555556°N 7.4247222222222°E / 62.670555555556; 7.4247222222222
Wikimedia Commons: Veøy

Veøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta som Veøy formannskapsdistrikt i 1837.

1. januar 1965 vart det meste av Veøy slegen saman med kommunane Eid, Grytten, Hen og Voll til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde denne delen av Veøy 1 400 innbyggjarar.

Sekken, Veøya og Nesjestranda i Veøy vart samtidig overført til Molde kommune. I desse tre krinsane var det ved samanslåinga 756 innbyggjarar.

Veøya, som ligg sentralt i Romsdalsfjorden der mange fjordarmar møtest, var den første «byen» i Romsdal, og sentrum for handel med vidare i vikingtida og mellomalderen. Veøy gamle kyrkje er frå omkring 1200, den nye Veøy kyrkje står på Sølsnes, på fastlandet.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Veøy kommune frå 1900 til 1964:

1900[1] 1910[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[5]
2445 2459 2414 2191 2369 2400 2239 2156
  1. 1 2 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 1 2 Folkemengd i Veøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)