Veafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°34′45.160″N 5°43′16.068″E

Veafjorden sett nordover
Veafjorden sett sørover frå Kallestadsundet bru

Veafjorden er ein av tre fjordar kring Osterøy. Han ligg i Vaksdal kommune og strekkjer seg frå Stanghelle og Sørfjorden i sør til Stamnes og Indre Osterfjorden i nord.

Det sørlege innløpet til fjorden er mellom Tettaneset i aust og Grautåni i vest. Veafjorden har ikkje utbygd veg langs nokon av sidene. Dette gjer han til ein «vill» og forholdsvis urørt stad i Hordaland. Det finst derimot fleire gamle gardsbruk langs denne delen, men berre eitt av desse er framleis folkesett og i drift.

Frå Stamnes går Vikafjorden og Bolstadfjorden aust- og søraustover som i lag har ei lengd på 16 km. Rett nord for Stamnes ligg Kallestadsundet, der fylkesveg 341 kryssar fjorden over ei om lag 500 meter lang bru, den første brua over fjordane rundt Osterøy. 2 km lenger nord ligg Kallandsklubben på austsida og Toskhelleren på vestsida og markerer den nordlege grensa til Veafjorden der han munnar ut i Indre Osterfjorden.

Veafjorden vart brukt til å filma landskap for filmen The Golden Compass der du mellom anna finn Nicole Kidman, Eva Green og Daniel Craig.