Veavågen
Utsjånad
| Veavågen | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Veavågen 59°17′00″N 5°14′00″E / 59.2833°N 5.23333°E | |||
| Wikimedia Commons: Veavågen | |||
Veavågen, tidlegare Vedavågen,[1] er eit sokn og ein tidlegare tettstad i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Han ligg midt mellom byane Åkrehamn og Kopervik, ved munningen av den 4,3 kilometer lange fjorden Veavågen, som har gjeve namn til staden.
Veavågen (Vedavågen) tettstad
[endre | endre wikiteksten]Tettstaden var frå begynninga ein strandstad. Fram til 2014 var han rekna som ein del av tettstaden Åkrehamn/Veavågen, før han vart skilt ut som eigen tettstad, men frå 2015 vart han innlema i tettstaden Kopervik.[2][3]

Veavågen sokn
[endre | endre wikiteksten]Soknet har 2 844 innbyggjarar (2013), og vart oppretta i 2012 ved frådeling av den nørdste delen av Åkra sokn. Det ligg på vestsida av øya Karmøy og høyrer til Karmøy prosti.
