Vebjørn Sture
Utsjånad
| Vebjørn Sture | |||
| Fødd | 1987 (39 år) Stavanger | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Norsk | ||
| Parti | Norsk Målungdom | ||
| Yrke | Student og møbelsnikkar[1] | ||
| Ektefelle | Maria Kristine Sture | ||
| Verv | Leiar i Norsk Målungdom 14. juli 2012–12. juli 2014 | ||
| Føregangar | Janne-Kristin Svarstad Nygård | ||
| Etterfylgjar | Karl Peder Mork | ||
| Nettstad | |||
| www | |||
Vebjørn Sture (f. 1987 ) er ein norsk målmann frå Stavanger. Frå 2008 til 2014 sat han i sentralstyret i Norsk Målungdom, dei to første åra som økonomiansvarleg, deretter som sentralstyremedlem, før han vart nestleiar i 2011. Samstundes med nestleiarvervet var han tilsett som organisasjonssekretær for Elevorganisasjonen. I 2012 vart han vald til leiar i Norsk Målungdom.[2] I 2013 gav han ut, saman med målkvinna Janne-Kristin Svarstad Nygård, pamfletten Kva skal vi med sidemål?[3]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Kva skal vi med sidemål? (essay) 2013
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Janne Nygård og Vebjørn Sture», Samlaget, 2013, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015
- ↑ «Vebjørn Sture er ny leiar i Målungdommen», Noregs Mållag, 26. mars 2012, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015
- ↑ «Kva skal vi med sidemål?», Samlaget, 2013, arkivert frå originalen 25. februar 2015, henta 26. februar 2015