Hopp til innhald

Vedøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vedøya
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Gardnummer 43
Ferdselsårer Ingen
Kart
Veøy
59°49′41″N 5°16′15″E / 59.827964°N 5.270867°E / 59.827964; 5.270867

Vedøya, Veøy eller Vedøyo er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Fram til 1995 høyrte ho til Fitjar kommune. Ho ligg med Stokksundet i aust, Aga i nord, Rubbestadneset og Osparøy i sør og Langøya, Tjuvholmen og sjølve øya Bømlo i vest.

Garden er ikkje særskild gamal. Fram til 1756 høyrte Vedøya til Fitjargarden, då han vart utskild som eigen gard.

Vedøya hadde same eigarar som Aga fram til 1820. Etter 1856 var brukarane på øya sjølveigarar.

Første delen av namnet kjem av «ved», som kan tyde på at det har vore skog på øya i gamal tid. Gjennom tidene har namnet blitt skrive Veøen, Wedøen, Vedøen. Namnet vert i dag skrive Vedøy eller Veøy, medan daglegnamnet er Veøyo.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
1801[1] 1900[2]
4 18
  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.