Veøy i Bømlo kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vedøyo)
Hopp til navigering Hopp til søk
Veøy
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bømlo

Veøy eller Vedøyo er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Fram til 1995 høyrte ho til Fitjar kommune. Ho ligg med Stokksundet i aust, Aga i nord, Rubbestadneset og Osparøy i sør og Langøya, Tjuvholmen og sjølve øya Bømlo i vest.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden er ikkje særskild gamal. Fram til 1756 høyrte Vedøyo til Fitjargarden, då han vart utskild som eigen gard.

Vedøyo hadde same eigarar som Aga fram til 1820. Etter 1856 var brukarane på øya sjølveigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Første delen av namnet kjem av «ved», som kan tyde på at det har vore skog på øya i gamal tid. Gjennom tidene har namnet blitt skrive Veøen, Wedøen, Vedøen. Namnet vert i dag skrive Vedøy eller Veøy, medan daglegnamnet er Veøyo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.