Ved Rundarne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ved Rondane)
Gå til: navigering, søk
Vinjestøtta, til venstre i bildet, er reist der Vinje gjekk då han var inspirert til diktet.
Foto: Torstein Frogner
Vinjestøtta.
Foto: Torstein Frogner

Ved Rundarne (i moderne rettskriving kjent som «Ved Rondane») er eit dikt av Aasmund Olavsson Vinje frå 1861[1]. Diktet er ein del av tekstsamlinga Ferdaminne fraa Sumaren 1860. Det blei tonesett av Edvard Grieg i 1870-åra. Melodien frå hans Opus 33/9 har gjort Ved Rondane til eit av dei best kjende norske dikta.

Etter det Vinje skreiv i Ferdaminni vart diktet til på fjellet mellom Storelvdal og Sollia. Han gjekk opp lia og over fjellet frå Koppang , om Trønnesgammalsætra, til Helaksætra. På turen over fjellet såg han Høgronden, og andre toppar, lang borte.[2] Denne turen gjekk han 22. juli 1860. Han var på veg til Trondheim i høve kroninga av kong Karl IV. Denne fjellferda var den første Vinje hadde etter han reiste frå Telemark. Trønnesgammalsetra og Høgronden minte han om Finnebustølen heime i Telemark og Gaustadtoppen som han der kunne sjå langt borte

Vinje har sjølv kalla dette diktet for «etterdikting». Mogelege dikt han då kan ha hatt som førebilete er Zueignung av Goethe, og Fritjof på sin Faders Hög, frå Fritjofs saga av Esaias Tegnér.[3]

Originalversjonen frå 1861:

Ved Rundarne[endre | endre wikiteksten]

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.

På plate[endre | endre wikiteksten]

  • Thorvald Lammers med piano. Innspilt i Grand Hotel, Kristiania, desember 1904. Utgjeven på den akustiske 78-plata Gramophone 82098[4]
  • Cally Monrad med piano. Innspilt i Kristiania tidleg i september 1905. Utgjeven på den akustiske 78-plata Gramophone 83591.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Midttun: Menn og Bøker. Det Norske Samlaget 1963
  • Olav Midttun: Opplysningar og merknader i Ferdaminne Det Norske Samlaget 1972
  • Reidar Djupedal:Forord til Ferdaminni fraa sumaren 1860. Noregs Boklag 1973
  • Karleric Liliedahl: The Gramophone Co Acoustic recordings in Scandinavia, Stockholm 2002, s. 42

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. snl.no Aasmund Olavsson Vinje
  2. Midttun 1972 s.248
  3. Midttun 1963 s.108-111
  4. Liliedahl, Karleric: The Gramophone Co Acoustic recordings in Scandinavia, Stockholm 2002, s. 42
  5. Liliedahl, Karleric: The Gramophone Co Acoustic recordings in Scandinavia, Stockholm 2002, s. 47

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]