Hopp til innhald

Vedalsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vedalsfossen
foss
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Eidfjord
Fossetype Segmentert
Elv Vedølo
Totalt fall 200 m
 •  Lengste fall 200 m
 •  Midla breidd 23 m
Tal på fall 1
Kart
Vedalsfossen
60°23′14″N 7°07′21″E / 60.3873°N 7.12248°E / 60.3873; 7.12248

Vedalsfossen er ein foss i Vedalselva,[1] ei sideelv til Veig i Hjølmadalen (også kalla Hjølmodalen[2]) i Eidfjord kommune i Vestland.

Fossen har eit vertikalt fall på 190 meter eller nær 200 meter, og dette reknar ein som det åttande høgaste loddrette fallet i Noreg.[3] Fossefallet vert ofte omtalt som høgare om ein tar med den forholdsvis bratte delen av elva nedanfor. Kjeldene oppgjev samla fallhøgd på 650 meter.[4][5][6] Frå utløpet på Hardangervidda til samløpet med hovudelva er høgdeforskjellen kring 680 meter. Vedalsfossen kjem ned i Hjølmadalen frå sidedalen Vedalen i dobbelt løp.[7] Fossen er vanskeleg tilgjengelwg. Ein kan sjå fossen frå vegen mellom Sæbø og Hjølmo.[5]

Johannes Flintoe brukte Vedalsfossen som motiv då han dekorerte «fulgeværelset» på det nye slottet i Christiania.[8]

Fossen vert stundom rekna for å ha ei høgd på 600 m, men dette er høgdepotensialet til elva om ein nytta ho til vasskraftproduksjon. På 1970-talet vurderte ein kraftutbygging av fossen, noko som ville medført tørrlegging av han.[9]

Hjølmadalen er vill og forriven. Lengre inn i dalen fell Veig gjennom Valursfossen.[10]

  1. ↑ «Søk i norgeskart.no». Henta 2019-07-10.
  2. ↑ En vurdering av reiselivsnæringen i Eidfjord. [Eidfjord]: Kommunen. 1981.
  3. ↑ Eie, John (1996). Dammer og kraftverk. Bekkestua: NKI forl. ISBN 8256235381.
  4. ↑ Thuesen, Nils Petter (1948-) (2000). Fakta om Norge. Oslo: Orion. ISBN 8245804274.{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  5. 1 2 Hardangervidda: fra hytte til hytte. Oslo: Gyldendal. 1998. ISBN 8205251983.
  6. ↑ Norge sett fra luften. Oslo: Det Beste. 1980. ISBN 8270100935.
  7. ↑ norgeskart.no oppslag 15. desember 2018
  8. ↑ Vestrheim, Gjert (4. september 2015). «Venterommet». Dag og Tid. s. 28-299.
  9. ↑ Om Hardangervidda. [Oslo]: Miljøverndepartementet. 1978. {{cite book}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  10. ↑ Welle-Strand, Erling (1988). De tusen fossers land. Oslo: Nortrabooks. ISBN 8290103433.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]