Veet på Ranheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Veet på Ranheim er ei nemning for restar og spor etter eit førkristent ve, ei kultisk innretning, som vart funne under arkeologiske utgravingar i 2010 på eit jorde på Ranheim i Trondheim der det skulle byggjast bustadblokker. Det kom då for dagen ein oppbygd innretning av stein som vart tolka som ei horg, spor og rester i grunnen etter loddrette stolper som har høyrd til ein liten bygning som vart tolka som eit hòv som hadde vorte fjerna den gongen då det vart slutt å nytte seg av veet, og dessutan låge steingjerde som ein meinte kunne ha markert ein veg for kultiske opptog mellom veet og sjøen.

Av di laget med mold som låg over restane etter veet var så tjukt, og horga dessuten var dekt av eit lag med naturstein i blåleire, kom ein til at dei som hadde nytta veet hadde sjølv skjult restane med jord og leire då dei i si tid hadde vorte tvungne til å reise frå distriktet. Dei hadde då fyrst fjerna og truleg teke med seg sjølve hovet med gudebileta og anna inventar, slik det går fram av at stolpane til hòvet hadde vorte dregne opp or grunnen.

Horga var ein flat, tilnærma sirkulær oppbygging av stein, 15 meter i diameter og knapt meteren høg, med flate heller i to konsentriske sirklar på toppen. Oppå denne innretninga låg det større og mindre stykkje av kvit kvarts og seks små kuler av voks. I sentrum av horga var ei kasse av tre, 1,3 meter lang, om lag 1 meter brei og 55 cm djup, fylt med raudbrun sand og skjørbrent stein, såkalla kokestein som har vorte varma på bål og nytta til å varme opp innhaldet i ei kjele, og mellom steinane låg brente beinrester, mellom anna av mennesketenner og -kranium. Men ellers var det få andre funn. Under den sentrale delen av horga låg eit svart, tynt lag med trekol iblanda fragment av brent bein, mellom anna ei mennesketann, og under der låg den opphavlege åkeren med spor etter bruk av ard.

Hòvet hadde hatt ein rektangulær grunnplan på 5,3 x 4,5 meter med ei stolpe i kvart hjørne og to stolper i kvar av dei fire veggane, i ein innbyrdes fråstand mellom stolpene på om lag 1,8 meter. Spora etter stolpene viste at de hadde vore kraftige, og dette tyder på at bygningen har vore høg. Det var ikkje rester etter eldstad i bygningen. Attmed bygningen var det spor etter fire hjørnestolper i et kvadrat på 2,5 x 2,5 meter etter ein annan konstruksjon i tre.

Dei låge steingjerda kan ha market ein prosesjonsveg i om lag 15 meters breidd i retninga aust-vest. Vegen peikar mot hovet, og kan ha danna samband mellom veet og eit lågare område som i jarnalderen kan ha hatt kontakt med sjøen ved at vasstanden var høgare då enn i notida. Den nordre av desse to låge steingjerda hadde sitt nedre utgangspunkt i ein stor, jordfast stein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkel av arkeolog Preben Rønne i tidsskriftet Spor nr. 2/2010, utgjeve av NTNU Vitenskapsmuseet, Seksjon for arkeologi og kulturhistorie, Trondheim, side 32 – 35.
  • Artikkel av arkeolog Preben Rønne i det svenske fagtidsskriftet Adoranten 2011: Horg, Hov and Ve - a cult place in Trøndelag, Norway. Med nærare tidfestingar av funna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veet på Ranheim