Vefsna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°43′35″N 13°12′57″E

Vefsna
Vaapstenjeanoe
elv
none  Laksforsen i Vefsna
Laksforsen i Vefsna
Land Flag of Norway.svg Noreg
Renn gjennom Mosjøen
Lengd 163 km
Nedslagsfelt 4 122 km²
Kjelde Børgefjell
Munning Vefsnfjorden
Wikimedia Commons: Vefsna

Vefsna (sørsamisk Vaapstenjeanoe) er ei elv i Nordland fylke. Elva kjem frå Simskardvatnet på 877 moh. og renn gjennom kommunane Hattfjelldal, Grane og Vefsn. Elva passerer Mosjøen før ho munnar ut i botnen av Vefsnfjorden. Elva er 163 kilometer lang og har eit nedslagsfelt på 4 122 km², der delar av nedslagsfeltet ligg i Sverige.

Historisk har Vefsna vore ei viktig lakseelv, men bestanden har vore infisert av parasitten Gyrodactylus salaris sidan 1970-talet. På grunn av dette har talet på laks i elva gått kraftig ned, medan talet på hybridar mellom laks og sjøaure har auka. Vefsna er verna mot kraftutbygging.

Elvefaret[endre | endre wikiteksten]

Frå Simskardvatnet (877 moh.) renn Simskardelva austover til Vestre Tiplingen (673 moh.), der Tiplingelva renn gjennom Austre Tiplingen (663 moh.), dreier mot nordaust og renn ned til Susendalen. Her renn den saman med Harvassbekken som kjem frå grensetraktene mot Sverige. Etter elvemøtet dreier elva, som no har namnet Susna, nordvestover, seinare nordover og opptar Unkerelva frå Unkervatnet (323 moh.), som har ein vesentleg del av nedbørfeltet sitt i Sverige. Etter samanløpet blir elva kalla Vefsna. Elva renn først vidare nordover, men dreier like sør for tettstaden Hattfjelldal mot sørvest.

Dei største tilløpa til Vefsna nedanfor Hattfjelldal er frå venstre: Storfiplingelva (se Fiplingdalen), Svenningdalselva frå Majavatnet og Eiteråga frå Måsskarvatnan i Grane, og frå høgre: Gluggvasselva frå Storhola (1141 moh.) lengst søraust i Vefsn kommune. Nedanfor munningen av Svenningdalselva i Vefsna ved Trofors har Vefsna relativt lite fall. Den største fossen her er Laksfors med fall på 16 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]