Vegårsheimålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vegårsheimålet er talemålet i Vegårshei kommune. Det kan likne både på målet som snakkast i Øvre Gjerstad og i Åmli, men au den som snakkast på Holt og på Søndeled.

Kjenneteikn ved Vegårsheimålet[endre | endre wikiteksten]

I talemålssamanheng kan ein dele Vegårshei i tre delar. Heilt aust i bygda, har dei berre tjukk l, men ikkje skarre-r, sånn som i i Øvrebygda i Gjerstad kommune. Midt i bygda til dømes på Myra, skarrar dei og har tjukk l, som den einaste plassen i Noreg, og i Vestbygda berre skarrar dei utan tjukk l, sånn som i Holt og i Åmli. Vegårsheiingane seier ikkje kort y, men i staden noko som liknar meir på ein ø. Det blir sødd i staden for sydd og bøgd i staden for bygd.

Om det gamle Vegårsheimålet[endre | endre wikiteksten]

Det gamle målet kan minne ein som ikkje er frå Vegårshei eller Gjerstad om dialektane som snakkast i Vest-Telemark og Setesdal. Det er ikkje med uttalen, men med orda. Før i gamal tid snakka folk på Vegårshei meir likt som i Telemark, men har i dei seinare år vore meir likt Agder.

Personlege ord[endre | endre wikiteksten]

  • Dei seier e, me, dikkon, han, ho/hinner, dei.
  • Dei seier du, dikkon, hanses, hoses/hinners, deises,

Vegårsheiordlista[endre | endre wikiteksten]

Hus og heim

  • Innhus - bustad. Innhusa heime
  • Stølpehus - same som stabbur, men at huset står på stolpar
  • Stølpe - stolpe
  • Bestestaua - stua som berre brukast til best
  • Midvælset - stue som ofte ligg mellom bestestaua og eit kammers
  • Loft - soverom oppe. Kjøkkenloft, staueloft, kammersloft
  • Øverloft - øvste lofte i innhuset
  • Nedstaua og Oppstaua - to gardar som er delt og ligg opp etter kvarandre
  • Dønna - Døra
  • Vønnøye eller Vinnøye - vindauge
  • Svåla - gangen
  • Plassen - husmannsplass
  • Tone (eit eldre ord), tona (eit yngre ord) - Tunet
  • Timre - lafta hus
  • Høybu - bua som stod på heiane under heislåtten
  • Bilhus - hus kor bilane stod, garasje
  • Vaskehus - hus ved eit vatn, der kor dei vaska klede eller tørka korn

Arbeid og handarbeid

  • Støllejente - fjøsjente
  • Sté se - feste seg i teneste
  • Gånj - garn
  • Bonning - strikketøy
  • Binne - strikke
  • Speter - strikkepinnar
  • Spetegong - 5 speter i eit
  • Å lête - å farge
  • På lêt - korleis farge
  • Heislåtten - slåtten på heiane
  • Heimeslåtten - slåtten heime
  • Mole kønn - male korn

Små ord, uttrykk og setningar

  • Glegg - Nøye
  • Porv - vrang, vrien
  • Annvint - travelt
  • Radi - lettvint
  • Ravint - rask
  • Ogoskli - forsterka uttrykk (positivt)
  • Ense - røre, ta på.
  • Ein hente gong - ein sjeldan gong.
  • Såmt - ukart, dimt.

Dyr og insekt

  • Avåt - innpåslitne inseekt, som mygg, hestebrems og fluar.
  • Bøyk - Hestebrems/hesteklegg.
  • Bøyketida - tida på sumaren då det er mest klegg og fluar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Det e ogsokli - Blad frå Vegårshei mållag.
  • Magnhild Selås.