Vega kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vega)
Vega kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Gladstad
Areal 164,79 km²
 - land 162,65 km²
 - vatn 2,14 km²
Folketal 1 208  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Andre Møller (Ap)
Kommunenr. 1815
Kart
Vega
65°40′31″ N 11°57′28″ E
Wikimedia Commons: Vega, Nordland
Nettstad: www.vega.kommune.no
Sjå òg stjerna Vega

Vega er ein øykommuneHelgeland i Nordland fylke som grensar til kommunane Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug. Dei 6 500 øyane, holmane og skjera i kommunen står på UNESCO si verdsarvliste.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til hovudøya Vega har også øyane Ylvingen og Omnøy fastbuande. Andre øyer er Søla og Skogsholmen. På sørsida av øya Vega ruver dei om lag 700 meter høge Vegtindan, medan nordsida hovudsakleg er myrlandskap.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste busettingane på Vega er datert til steinalderen, 10 000 år tilbake. Dette er den aller tidlegaste påviste busettinga i Nord-Noreg. Truleg var det dei fiskerike grunnvassområda rundt øya som gjorde at folk busette seg der.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kommunen er deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen «En ny samtale» av den finske kunstnaren Kain Tapper.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringsområda i kommunen er jordbruk, fiske og lokal tenesteyting. Det finst òg ein del fiskeforedling i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]