Vegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politikaren Bård Vegar Solhjell.
Foto: Jarle Vines

Vegard, òg skrive Vegar, er eit mannsnamn avleidd av norrønt Végardr. Det er sett saman av ve-, som tyder heim eller heilag stad, og -gard, som tyder gjerde eller vern. Andre skrivemåtar for namnet er Wegard og Vigar.

Vegard har namnedag den 31. mars.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Vegard er eit vanleg namn i Noreg, men er lite brukt ellers i verda. Vegard var blant dei mest brukte gutenamna for barn fødde på 1980- og 1990-talet, deretter har bruken gått mykje ned. I 2009 var det 7 692 norske menn som heitte Vegard og 1 475 som heitte Vegar.

Fotballspelaren Vegard Sannes.
Foto: Lars Røed Hansen

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]